Heim Nyhende Framtida Junior er Årets nynorskbrukar 2023

Framtida Junior er Årets nynorskbrukar 2023

Barneavisa Framtida Junior er kåra til Årets nynorskbrukar 2023. – Framtida Junior får prisen for å bryte veg for meir nynorsk i digitale medieflater, med varierte emne for 7–13-åringar, seier styret i Nynorsk kultursentrum.

Prisen Årets nynorskbrukar er på 100 000 kroner og vert delt ut på opningsdagen av Festspela i Aasentunet torsdag 8. juni. Prisen vert delt ut av styret i Nynorsk kultursentrum til ein person eller institusjon som syner evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, og at dei gjer det lettare å vere nynorskbrukar gjennom sitt føredøme.

– I eit medielandskap der nynorsk er for lite synleg i dei nasjonale dagsavisene, prøvde Framtida Junior seg i 2017 på noko modig. Dei skipa ei nett- og papiravis på nynorsk for barn. Det er ingen tvil om at Framtida Junior gjer det lettare å vere nynorskbrukar, seier styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum. 

– Det er utruleg stor stas å bli heidra og verdsett på denne måten! Eg vil takka alle i redaksjonen som har bidratt til dette store løftet, og til alle gode samarbeidspartnarar og bidragsytarar, seier redaktør i Framtida Junior og dagleg leiar i LNK, Svein Olav Langåker. 

– Målet vårt har heile tida vore å vise fram og styrke engasjementet til barn. Når me gjer det på nynorsk, så er me òg med på å styrke nynorsken og vise at han kan brukast til å skriva om og for framtida vår. Denne prisen viser at me er på rett veg, og det gir ein ekstra kveik til det kjekke arbeidet vårt, legg han til.

Framtida Junior er ei avis for barn mellom 7 og 13 år. Avisa har som mål å auke og synleggjere engasjementet til barn og unge, i tillegg til å styrke nynorsken. Framtida Junior har eit nettmagasin og ei månadleg papirutgåve. Framtida Junior er eit samarbeid mellom ABC Startsida, stiftinga Magasinett og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Fleire lokalaviser samarbeider om å gi ut papiravisa.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...