Heim Nyhende Tre millionar til nynorskbrukarane

Tre millionar til nynorskbrukarane

Nynorsk kultursentrum får til saman tre millionar i eingangstilskot på revidert nasjonalbudsjett.

– Dette er svært! Desse midlane skal vi bruke klokt i tett samarbeid med andre nynorskinstitusjonar. Millionane vil kome nynorskbrukarar spesielt i utsette pressområde til gode, seier konstituert direktør Gaute Øvereng.

Nynorsk kultursentrum får to millionar knytt til prosjektet «Nynorsk som nasjonalt skriftspråk».

Samarbeider med LNK

I samarbeid med Landssamanslutninga for nynorskkomunar (LNK) og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsk senteret) skal Nynorsk kultursentrum fremje nynorsk over heile landet med særskilt fokus på randsonene rundt kjerneområda for skriftspråket.

Gjennom kartlegging, forsking og utprøving av tiltak, vil ein finne ut kva ein kan gjere for å styrke bruken av nynorsk og den nynorske identiteten.

– Dette er gode nyhende, og viser at regjeringa forstår at det hastar med tiltak for å styrka nynorsken i randsonene og då spesielt tiltak retta mot nynorskelevane. Vi er glade for at desse midlane gjer det mogleg å setje i gang det viktige arbeidet med å betre vilkåra for å gi nynorskelevane ei god opplæring i språket sitt, seier leiar ved Nynorsksenteret Synnøve Marie Sætre og dagleg leiar i LNK Svein Olav B. Langåker.

Million til Vinjesenteret

I tillegg får Nynorsk kultursentrum ein million til Vinjesenteret i Vinje. Midlane skal gå til nynorsksatsing og forvalting og formidling av litterær kulturarv i regionen.

Stortingsrepresentant Åslaug Sem-Jacobsen frå Senterpartiet er ein av dei som har arbeidd hardt for å få ekstra pengar til Vinjesenteret. Ho meiner Vinjesenteret er ein viktig bidragsytar for nynorsk, og at det er viktig å verne om – og lyfte nynorsken.

– I eit stramt kulturbudsjett, er vi glade for at regjeringa legg merke til arbeidet vi gjer og ser kor viktig det er, avsluttar Gaute Øvereng.

Etter nokon krevjande år, med pandemi, krig i Europa og høg prisstiging har regjeringa no eit større handlingsrom, og kan bidra til enno meir verdiskaping innan kultur, idrett og frivilligheit heiter det i pressemeldinga om det reviderte nasjonalbudsjettet frå Regjeringa.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...