Lærarstudentane Amalie Pauline Steindal Johansen og Maria Moen Jakobsen fekk ei fin oppleving med å bruka Framtida Junior i undervisinga på ungdomsskulen.
Lærarutdanninga på Nord universitetet har no i vinter hatt eit prosjekt på lærarutdanninga der dei har brukt Framtida junior i to klassar for å jobba med språkhaldningar.
– Me brukte avisa med temaet språk fordi det høver til prosjektet om språkhaldningar, fortel professor Kåre Sigvald Fuglseth.
– I klasserommet starta me med ein påstandsleik. Meiningane var ganske forskjellige, men når det kom til dialekt var alle einige om at standard austlandsk ikkje var finare enn nordnorsk, fortel Maria Moen Jakobsen. Ho er fjerdeårsstudent på lærarutdanninga.
I påstandsleiken måtte elevane flytta seg i klasserommet alt etter kva dei meinte.
– På den måten blei elevane tvungne til å ta eit standpunkt, og då blei det meir deira eigne standpunkt enn om me berre hadde handsopprekking, seier ho.
Språkhaldningar
Etterpå fekk elevane reflektera over kva type språkhaldningar dei hadde, og elevane fekk velja ulike uttrykksmåtar som skodespel og teikneserie til å uttrykka desse språkhaldningane.
– Elevane var kjempenøgd med opplegget. Det var kjempeartig, seier Maria Moen Jakobsen. Elevane hennar var ein niandeklasse.
– Ein av elevane sa at det var mykje meir morosamt enn å halda på med fag. Då sa eg at dei hadde jobba mykje med fag, med både lesing og diskusjon og jobbing.
– Kosa seg med avisa!
Amalie Pauline Steindal Johansen var saman med ein åttande klasse.
– Mange av elevane mine valde å laga ein sketsj om språkhaldningar. Eg fekk ei veldig god oppleving av å ha nynorsk i undervisinga, og lærte om språkhaldningar.
– Eg fekk inntrykk av at elevane likte Framtida Junior veldig godt! Dei kosa seg med avisa, og fekk lesa det dei ville. Når dei får fridom til å lesa det dei vil, så får dei lesa det dei synest er interessant. Fleire av elevane ville gjerne ha lenger tid på seg til å lesa.
Elevane deira har nynorsk som sidemål.
– Elevane ensa nesten ikkje at det var nynorsk dei heldt på med. Di meir ein møter nynorsk, og di meir ein beherskar det, di meir likar ein det, understrekar Amalie Pauline Steindal Johansen.











