Heim Nyhende Sommarsnakk med Runar Gudnason

Sommarsnakk med Runar Gudnason

Teknologien er ein arena nynorsken ikkje har inntatt godt nok enno, meiner Sjef R/Runar Gudnason i Side Brok.

Namn: Runar Gudnason

 

Alder: 37

Jobbar som: Musikar og skribent. Rappar i Side Brok.

Bruker sommaren til: Eg skal spele nokre konsertar, lese ein del bøker, lage nye songar, ete is og sjå ut i lufta – og så skal eg feriere med sonen min, og forhåpentleg bade ein del.

Bruker du nynorsk i blogg, Twitter, Facebook og i andre sosiale nettverk: Ja, i norske sosiale nettverk brukar eg kun nynorsk. Men eg bur i Danmark, og viss eg kommuniserar på danske sider, skriv eg dansk.

På kva område kunne nynorsken vore meir synleg: Nynorsken burde ikkje vere synleg nokon plass; han burde berre vere der, overalt, som den mest naturlege ting i verda. Men det er vel ønsketenking.

Eit meir pragmatisk svar: eg meinar ein viktig arena å fokusere på akkurat no er teknologien me omgir oss me til kvardags. Windows har vore på nynorsk ei stund, men me manglar Apple sitt styresystem, samt styresystema i mobiltelefonar, mp3-spelarar osv. Spesielt med tanke på ungdomen, er det viktig at språket fungerar og vert brukt i kvardagen, og ikkje berre er forvist til ”kjedelege” plassar som kyrkja og skulen.

Bør aviser som ikkje tillet båe målformer som redaksjonsspråk få pressestøtte: Dette synes eg er eit vanskeleg spørsmål; på den eine sida er eg ikkje så glad i lover og overdriven statsregulering, på den andre sida innser eg kor viktig ein del lover har vore for nynorsk som minoritetsspråk. Som sagt, vanskeleg spørsmål, men eg heller nok mest mot ja.

Har det noko å bety for deg om bøker og aviser er på nynorsk og/eller bokmål: Eg les helst nynorsk, og skulle ønske det fanst meir av det, òg omsett litteratur. Men eg les med glede både bøker og aviser på nynorsk, bokmål, dansk og engelsk. Det viktigaste for meg er at det er godt skrive – og ikkje har trykk- eller skrivefeil.

Kvifor nynorsk: Fordi det er språket mitt.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...