Helseminister Bjarne Håkon Hanssen vil jamne ut forskjellane mellom helseføretaka på statsbudsjettet for dei to neste åra.
Regjeringa vil nemleg gi meir pengar til helseføretaka i Nord-Noreg, Midt-Noreg og Vestlandet, slik at dei kjem på nivå med Sør- og Austlandet. I praksis har desse tre hatt dårlegare helsetilbod på fleire felt enn Helse sør-aust, skriv NRK.
No får dei tre omsider same berekningsnøkkel som ein lenge har hatt på Sør- og Austlandet.
– Dersom dette er rett, er det veldig hyggjeleg at regjeringa har tenkt å rette opp skeivfordelinga over dei komande to år. Det er vi svært glade for, seier styreleiar i Helse Vest, Oddvard Nilsen.
Ut frå opplysningar NRK viser til, kan Helse Vest vente seg rundt 200 millionar over statsbudsjettet i 2009 og 2010. (NPK)