Heim Nyhende Vil samarbeide med kommunane

Vil samarbeide med kommunane

Vaksenopplæringsetaten Vox utfordrar no nynorskkommunane til å bli samde om eit læreverk i norsk for vaksne innvandrarar som dei ynskjer omsett til nynorsk.

Leiar i Vindafjord mållag, Anne Margrethe Eidhammer, gjekk tidlegare i vår ut og bad ordførarar støtte eit opprop med eit krav om nynorsk undervisningsmateriell i alle fag til framandspråklege. Til saman har 16 ordførarar skrive under på opprøret. Blant desse er: ordførarane i Bokn, Sauda, Etne og Vindafjord.

Eidhammer har sjølv ei søster som driv med opplæring for minioritetsspråklege på Austlandet.

– Folk argumenterer for bokmål fordi dei meiner det er lettare dersom tilflyttarane har tenkt seg vidare til byen og næringslivet. Syster mi seier at dette berre er tull, det er berre fordel å kunne to skriftspråk om ein bur i byen også, seier ho til lokalavisa Grannar.

Etterlyser komplett verk

Utdanningsdirektoratet lyste i 2006 ut tilskot til nynorske læremidlar. Til saman vart det gitt støtte på 1,9 millionar kroner.

– Det er omsett fleire lærebøker til nynorsk, det er også utvikla eit digitalt læreverk, men det er berre deler av læreverk som er omsette. Me har ikkje eit læreverk på nynorsk frå A til Å, seier underdirektør i eining for minoritetsspråklege i Vox, Helga Arnesen.

Dei midlane Vox har hatt til rådvelde i 2007 og 2008 er brukte til nye omsetjingar av bøkene i samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Det er dermed ikkje gitt tilskot til nynorske læremidlar i 2008, forutan ei ekstraløyving til Almater forlag for ferdigstilling av Foreldreboka. I 2009 er derimot to nye nynorske læremidlar kome på plass.

Ifølgje eit brev til arbeids- og inkluderingsdepartementet går det fram at Vox er kjent med eit sterkt ynskje frå nynorskkommunar om fleire læremidlar på nynorsk. Inger S. Enger (Sp) stilte tidlegare i år arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen spørsmål om kva grep regjeringa ville ta for å få ei betre norskundervisning for innvandrarar på nynorsk. I svaret frå Andersen går det fram at ministeren meiner det er viktig at det vert lagt til rette for nynorske læreverk. Samstundes meiner han dette er eit økonomisk spørsmål.

– Eg meiner det er fullt mogleg å tilby innvandrarar nynorsk opplæring med dei læremidla som er tilgjengelige. Det vil vere relativt kostnadskrevjande å utvikle eit like bredt tilbod av læremidlar på nynorsk som på bokmål, då talet på deltakarar som ynskjer undervisning på nynorsk for tida er avgrensa. Dette er også bakgrunnen for at introduksjonslova ikkje har krav om at læremidlar for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar må føreligge som parallellutgåver både på nynorsk og bokmål.

Kva meiner kommunane?

– Sidan det ikkje føreligg krav om parallellutgåver på bokmål og nynorsk når nye læreverk vert utvikla, vil talet på potensielle brukarar av dei ulike læreverka vere avgjerande. Vox har teke kontakt med forlaga Fag og kultur og Cappelen som melder at talet på selde eksemplar av det Vox vurderer som kjente og populære lærebøker, ikkje overstig 200 eksemplar av kvar tittel. Sidan målformene er sidestilte, meiner Vox det er rimeleg at staten gir tilskot til omsetjing, eventuelt utvikling, av nynorske læremidlar, heiter det i brevet.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...