Ni fylkesordførarar rettar knallhard kritikk mot regjeringa i ein kronikk i Stavanger Aftenblad måndag. Sju av dei høyrer til regjeringspartia.
Fylkesordførarane meiner at Vestlandet, Midt-Noreg og Nord-Noreg blir diskriminert når det gjeld fordelinga av helsepengane.
Fylkesordførarane brukar karakteristikken “særdeles grovt maktovergrep” om situasjonen. Dei viser til Magnussenutvalet som tidlegare i år konkluderte med at Helse Sør-Aust får 781 millionar kroner for mykje i forhold til dei tre andre helseregionane.
Dei ni fylkesordførarane er opprørte over at utvalets konklusjon ikkje vart nemnt med eit ord i revidert nasjonalbudsjett, skriv Stavanger Aftenblad.
Helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad (Ap) ønskjer ikkje å kommentere kronikken.
Torsdag denne veka skal Stortinget diskutere sjukehusøkonomien. (©NPK)