Regjeringa vil styrkje opplæringa i nynorsk i skulen og barnehagen gjennom ein eigen tiltaksplan knytt til Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda.
Det går fram av ei stortingsmelding om språkstimulering og språkopplæring som regjeringa la fram fredag.
Tiltaksplanen omfattar både forsking og kompetanseutvikling for lærarar og førskulelærarar.
I stortingsmeldinga blir det slått fast at bokmål og nynorsk skal haldast oppe som fullt utbygde og samfunnsberande skriftspråk. Departementet legg i meldinga vekt på at brei språkkompetanse har verdi i seg sjølv, og vil leggje til rette for at nynorsk skal blir «en mer naturleg del av den språklige hverdagen for barn og unge i barnehage og skole». (©NPK)