Heim Nyhende Nynorske festspel på 14 språk

Nynorske festspel på 14 språk

Litteratur og songar på minst 14 språk. Anna Gavalda-omsetjaren Tove Bakke er festspeldiktar, og ho pregar programmet saman med nærmare 20 andre forfattarar og omsetjarar, av desse seks tidlegare festspeldiktarar.

Dei nynorske festspela blir arrangerte i Ørsta og Volda 24.–28. juni. Ivar Aasen-tunet er hovudarenaen, men over 20 scener blir tekne i bruk for å avvikle meir enn 50 arrangement med eit samla budsjett på 1,8 millionar kroner.

Reidar Sandal, leiar i finanskomiteen på Stortinget, opnar Dei nynorske festspela, som blir avslutta med stemnetale av Gunhild Berge Stang, leiar i Noregs Ungdomslag.
Årets tema er «Med andre ord», og det er første gongen ein festival har ein omsetjar som festspeldiktar.

Som festspeldiktar får omsetjaren Tove Bakke selskap av dei seks tidlegare festspeldiktarane Paal-Helge Haugen (1996), Jon Fosse (1997), Ragnar Hovland (1998), Brit Bildøen (2001), Einar Økland (2002) og Frode Grytten (2004).

Kunst på minst 14 språk
Frå omsetjarar, forfattarar og songarar får publikum høyre tekstar på minst 14 språk – bokmål, dansk, engelsk, fransk, islandsk, kiswahili, japansk, kreolsk, lingala, mandarin, nynorsk, patois, spansk og zulu.

Den franske forfattaren Marie Désplechin, den engelske forfattaren Ian Sansom og den kinesiske omsetjaren Shi Quine kjem alle til Dei nynorske festspela.

Samtale med Jon Fosse
– Det er ei storhending at Jon Fosse kjem til ein samtale med Cecilie S. Seiness, som i september gir ut bok om Fosse til femtiårsdagen hans, seier programansvarleg Åshild Widerøe.

Under Festspela får publikum for første gong høyre dei to samtale om kunst og litteratur. Jon Fosse var festspeldiktar i 1997, og først no er han tilbake på Dei nynorske festspela.
– Det meste er på plass, men fleire programinnslag blir avklara i vekene frametter, seier programansvarleg Åshild Widerøe, og minner om at billettsalet opnar torsdag 2. april.

Mangfaldig fagprogram
Dei nynorske festspela er den einaste norske festivalen som gjer språk til ei hovudsak i programmet sitt.

– Ivar Aasen-tunet skal bli ein kulturinstitusjon i dialog med mange land, seier direktør Ottar Grepstad.

I tillegg til 20 omsetjarar og forfattarar frå fleire verdsdelar blir det mange foredrag og samtalar om språk på Dei nynorske festspela i år. Mannen bak Nynorsk ordliste og den første redaktøren i Norsk Ordbok, Alf Hellevik, ville fylt 100 år søndag 28. juni. I vinter døydde ein annan språkhøvding, Magne Rommetveit. Om desse to blir det eit eige program i regi av Det Norske Samlaget.

Erotikk
Fredagskvelden inviterer Festspela til «Erotikk, med andre ord». Her blir det mykje snakk om dei orda som kan vere så vanskelege å seie og endå vanskelegare å omsetje.
Leiar Reidar Sandal i finanskomiteen på Stortinget deler ut prisen Årets nynorskbrukar 2009 under opningshøgtida. Dette er blitt den fremste nynorskprisen i landet.

– Prisvinnaren fekk melding søndag og må finne seg i å teie stilt om dette i tre månader, seier Grepstad.

Også Kultur- og kyrkjedepartementets nynorske journalistpris blir delt ut under Festspela. Regien har Nynorsk mediesenter, som tek imot framlegg til kandidatar før 1. mai. Nynorsk mediesenter inviterer også i år til aktuell mediedebatt.

Ikkje berre språk
Arve Henriksen, Aasmund Nordstoga, Side Brok og Cajun du Nord er blant dei mange utøvarane som skal fylle festspeldøgna med rytmar frå så vel Afrika og Karibia som USA og Nordvestlandet.

Framsidebilde: Tove bakke er festspeldiktar. Foto: Judith S. Litlehamar

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...