Heim Nyhende Litteratur i fokus

Litteratur i fokus

Under litteraturfestivalen i Aurland kunne ein oppleve attraksjonar som Linda Eide, Åsleik Engmark, Tove Bakke og multikunstnaren Oddvar Torsheim.

– Hovudsakleg inviterer me berre artistar på scena som nyttar nynorsk i skrift, men sidan Nynorske litteraturdagar er eit inkluderande arrangement, har vi teke til oss Åsleik Engmark sidan han også har ein fin dialekt, seier prosjektansvarleg Arve Tokvam til LNK-avisa.

Nynorske Litteraturdagar i Aurland som vart arrangert sist helg sette publikumsrekord i år, noko Tokvam er godt nøgd med.

– Me er strålande nøgde og har opplevd å selja fullt hus på fleire av arrangementa. Også forlaga har merka at det var vore fleire vitjande i år, og har såleis fått selt fleire bøker, seier Tokvam, som vidare avslører eitt av triksa som gjer at forfattarane kjenner seg godt mottekne; ein frivillig guide for kvar enkelt når dei kjem til arrangementet. Prosjektgruppa er difor godt nøgd, totalt sett, seier han.

Tokvam ser også framover.

– Me jobbar heile tida med å forbetre festivalen, men det står og fell litt på den politiske viljen til å satsa på prosjektet. Når det er sagt, vert det nok vanskelegare å leggja ned når ein ser kor populært tilbod dette har vorte på kulturfronten, legg han vekt på.  

Tokvam ynskjer likevel at Nynorske Litteraturdagar kan få inn fleire støttespelarar slik at ein ikkje treng vera like avhengige av Aurland kommune.

Les meir om Nynorske Litteraturdagar i Aurland i LNK-avisa som kjem ut til helga.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...