Stephen Walton får Språkprisen 2009 for framifrå bruk av nynorsk språk i sakprosa.
Bokprosjektet Flerspråklighet i skolen ved redaktøren, Rita Hvistendahl, får Språkprisen 2009 for framifrå bokmål i sakprosa. Det er Språkrådet som står bak prisane som vart delte ut under Språkdagen 2009.
Den nynorske prisvinnaren er ei bevisst og tydeleg forfattarstemme i norsk sakprosa, heiter det i grunngjevinga. Vidare vert det lagt vekt på at han gjennom to større arbeid dei siste fire åra har han vist at han kan utnytte mangfaldet i det nynorske språket i prosa. Han er akademisk og folkeleg, sakleg og personleg, nyskapande og tradisjonssikker, skriv juryen.
Walton får prisen for bøkene Den teksta versjonen. Amerikanisering og modernitetens intellektuelle (2006) og Skaff deg eit liv. Om biografi (2008).