Heim Nyhende Vil styrke nynorskarbeidet

Vil styrke nynorskarbeidet

Tidlegare i haust vart Stord kommune kåra til Årets nynorskkommune 2009. No vil ordføraren bruke prisen til å styrke nynorskarbeidet i kommunen.

Stord kommune vil bruke prisen på 100.000 kroner til å styrke tiltak som barnebokfestivalen Falturiltu, språkkurs for dei tilsette i kommunen, det lokale mållaget og den kulturelle skulesekken. 

Noko Hege Myklebust som sit i styret til Falturiltu er godt nøgd med.

– Dette er veldig bra. Me har nett gjennomført årets Falturiltu-festival på ein god måte med stor suksess, seier ho til nm.no

– Eg tykkjer det er veldig bra at kommunen vil stø nynorsktiltak vidare. Stord kommune er allereie ein viktig økonomisk støttespelar og dette er eit viktig signal, meiner ho.

Prisen Årets nynorskkommune skal gå til ein kommune som har nynorsk som sitt offisielle språk, og som har gjort ein særskild innsats for å fremje nynorsken. Det er Kommunal – og regionaldepartementet som deler ut prisen i samarbeid med LNK.

Les meir på nm.no

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Ingvild Bryn får nynorskprisen for journalistar

Ingvild Bryn er for mange sjølve nynorskrøysta. Etter ei særs variert karriere i NRK kan ho no også smykke seg med tittelen som vinnar...

Lærarutdanningane må ta språkansvar

Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, og då må alle lærarstudentar, uavhengig av fag, rustast til å vere lærarar i nynorske klasserom. Lærarutdanningane er...

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...