Valprosjektet Mot til å meina har som målsetjing å auke det politiske engasjementet blant unge. No blir det konferanse om demokratiske utfordringar og politisk interesse blant ungdom.
Prosjektet som går over tre år har som målsetjing å få fleire under 26 år til å ta del i politisk arbeid, i polititiske parti og politiske interesseorganisasjonar fram mot 2011. Hovudmålet er å auke talet på unge listekandidatar til kommune – og fylkestingsval, og at fleire får plass i kommunestyra. I tillegg arbeider prosjektet for at det totalt blir større oppslutnad i vallokalet frå denne gruppa ved neste lokalval.
6 – 7 mai blir det konferanse i Stavanger der ein skal diskutere om demokratiet er blåmåndag eller grøn framtid. Her deltek blant andre Asak Sira Myhre som skal snakke om ungt engasjement, Frank H. Aarebrot som skal seie noko om kvifor unge vel bort folkevald arbeid og stortingsprepresentant Hadia Tajik (Ap) som vil fortelje om kvifor ho vart samfunnsengasjert. På konferansen blir også stemmerett for 16 – åringar, nye formidlingsmåtar i media og demokratiske utfordringar viktige tema. Det er Kommunal – og regionaldepartementet som gjennomfører prosjektet i samarbeid med Nasjonalt Garborgsenter, Hjelmeland, Sauda og Time kommune.
Dei vidaregåande skulane som dekkjer pilotkommunane har peika ut fem elevar kvar som skal følgje prosjektet. Les meir om konferansen her.