Heim Nyhende Kommunane må tenkje nytt

Kommunane må tenkje nytt

Det er brei semje om at overføring av meir spesialiserte helseoppgåver til kommunane vil bli ei vanskeleg oppgåve med den kommunestrukturen vi har i dag.

Spørsmålet er om heile kommunestrukturen må endrast, eller om auka satsing på samarbeid vil vere nok for at dei minste kommunane skal henge med. Dåverande helsemisnister Bjarne Håkon Hanssen, som la fram samhandlingsreforma i fjor, kalla ho for ei diger kommunehelsereform. Utfordringa for kommunepolitikarane blir å tenkje nytt saman med nabokommunane, meinte Hanssen.

For helsekommunar

Legeforeininga og Sjukepleiarforbundet har lenge vore pådrivarar for det dei har kalla interkommunale helsekommunar. Forbunda har i fleire år argumentert for at auka samarbeid over kommunegrensene vil vere viktig for å få til ei meir samanhengande behandlingskjede, til beste for pasienten, samt meir stabile og sterke fagmiljø. Kravet om eit forpliktande samarbeid mellom kommunane i form av helsekommunar er no svært aktuelt. Dette var noko av det mellom andre Lisbeth Normann, forbundsleiar for sjukepleiarane, la vekt på under ei høyring om samarbeidsreforma i Stortinget nyleg.

Bør starte pilotprosjekt

Eit anna forslag som blir fremja både av legane, sjukepleiarane og KS, er forslaget om pilotering og forsøkskommunar. På denne måten vil vi kunne få auka kunnskap om kva som verkar, og ikkje verkar før den omfattande helsereforma trer i kraft med full styrke. KS meiner oppretting av pilotkommunar kan vere ein metode for å skaffe kunnskap om kor vidt forslaget frå regjeringa om kommunal medfinansiering for pasientar i spesialisthelsetenesta vil vere effektivt. KS går i utgangspunktet mot forslaget om kommunal medfinansiering, men opnar samstundes for at dette kan vere ei løysing for enkelte pasientgrupper, til dømes dei over 80 år.

Usemje om finansiering

Det er usemje om i kva grad medfinansiering vil stimulere kommunane til å byggje opp eigne tilbod. Regjeringa foreslår mellom anna å overføre 20 prosent av tilskotta som no går til dei regionale helseføretaka, til kommunane. På denne måten får kommunane ein kompensasjon for medfinansieringa si.

Halvannalinjeteneste

Kan hende vil oppretting av større helsekommunar med interkommunale helsehus vere ei løysing. Dette inneber utvikling av fleire såkalla halvannalinjetenestetilbod som vi har sett i dømet over. Spesialiserte interkommunale sjukeheimsavdelingar vil kunne ta imot pasientar som treng behandling, men som samstundes er sterke nok til å greie seg utanfor sjukehuset. Her får dei oppfølging av trygge fagmiljø og tverrfaglege behandlingsgrupper.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...