Kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap) opnar landsmøtet til Landslaget for lokalaviser i Trondheim i dag.
Landsmøtet til LLA går av stabelen samstundes som mediene sine rammevilkår bir gjennomgått, og det er difor store forventningar til at kulturminsiteren skal lansere nokre signal om korleis det arbeidet går når ho møter lokalavisene i Trondheim.
På landsmøtet vert det også sett fokus på kva avisene veit om lesarane, annonsørane, trendane og kundane. Målet er å kartlegge kva ein kan gjere for å møte utfordringane i framtida. Rådgjevar Ingeborg Volan kjem blant anna for å hjelpe landsmøtet med å finne ut av desse spørsmåla. I tillegg kjem blant andre professor Sigurd Høst, avisrådgiver Jan Vincens Steen, Bente Kalsnes i Origo, Dalane Tidende sin redaktør Kjetil Stormark og Norsk Presseforbunds generalsekretær Per Edgar Kokkvold til landsmøtet.
Les programmet her.