Heim Nyhende Fekk 50 000 i stipend

Fekk 50 000 i stipend

Maria Tryti Vennerød og Runar Gudnason får 50 000 kroner kvar i stipend frå Noregs Mållag. Pengane skal dei bruke til å få nynorsken inn på nye område.

Maria Tryti Vennerød får stipendet for multimedieprosjektet «Visitt» som ho skal utarbeide saman med Julian Skar og Ingeleiv Berstad. Vennerød er dramatikar og har skrive tekstar til ei rekkje oppsetjingar. Tekstane hennar er og gitt ut i fire bøker.

Runar Gudnason er tekstforfattar og vokalist i rapp-bandet Side Brok. Gudnason skal skrive og redigere ein rappelyrikkens poetikk, ein antalogi over breidda og mangfaldet i den norske hip-hopkulturen.

– Nynorsk treng å bli brukt, av alle, på alle stader og til alle tider. Nynorsk har vunne rom på stendig fleire område i samfunnet, og støtt har nynorsk vore ein del av avantgarden, heilt frå Vinjes ”Dølen” og i dag Maria Tryti Vennererøds «Visitt», sa Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, ved utdelinga av stipendet.

Det er Kulturdepartementet som løyver pengar til desse arbeidsstipenda som Noregs Mållag deler ut kvart år.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...