Heim Nyhende Vil ha norsk i Statoil

Vil ha norsk i Statoil

Noregs Mållag krev no at Statoil brukar norsk som språk.

– Eg reagerer på at Statoil no avviklar norsk som språk i møte med leverandørar og samarbeidspartnarar. Det er dramatisk at ei av dei største verksemdene i Noreg ikkje lenger vil ha kontakt med omverda på norsk seier leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, til Noregs Mållag sin nettstad.

Han meiner no regjeringa må sikre bruk av norsk språk i Statoil.

– Statoil må hugse at dei ikkje er eit tilfeldig aksjeselskap, men ei verksemd der staten eig over to tredelar av aksjane. Dette har gjeve Statoil mange fordelar, men òg eit særskild ansvar. Statoil må hugse kor dei kjem frå og kven dei er til for, understrekar Øvregård. Han meiner næringsminister Trond Giske har eit særskild ansvar i denne saka, saman med olje- og energiminister Terje Riis-Johansen.

– Giske kom frå stillinga som kulturminister, der han mellom anna lanserte språkmeldinga Mål og meining. Der peika Giske på at næringslivet var særleg utsett frå press frå engelsk, og at arbeidet for å sikre eit norskspråkleg næringsliv måtte ha høg prioritet. Eg vil utfordre næringsministeren på kva han har å seie til at Statoil no meiner at leverandørar som til dømes Magne Hope entreprenørforretning på Mongstad skal utføre all kommunikasjon med Statoil på engelsk, seier mållagsleiaren.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...