Heim Nyhende Vil ha barnetru på nynorsk

Vil ha barnetru på nynorsk

Noregs Mållag meiner trusopplæringa i Den norske kyrkja har kome skeivt ut og krev eit regelverk som sikrar barn og unge opplæring på deira eige mål.

– Vi har fått signal om at opplæringa ikkje er bra nok. Det manglar materiell på nynorsk, det manglar kompetanse og det manglar merksemd rundt tematikken, seier Jens Kihl, nestleiar i Mållaget, til avisa Vårt Land.

På landsmøtet nyleg, vart det vedteke ei fråsegn der ein krev eit regelverk for trusopplæring på nynorsk.

Ein tredel av medlemmene i Kyrkja har nynorsk som sitt mål.

– Trusopplæring består ikkje av statlege skjema der begge målføre er representerte. Det er tekstar og forteljingar som er tett på folk. Dette er personlege ting, sjølve barnetrua, for mange. Opplæringa startar frå barna er fire år. Då blir det viktig å følgje opp ønsket som denne store gruppa har om at Kyrkja brukar deira eiga målform.

– Vi har alt sett innspelet frå Mållaget om bruk av nynorsk i trusopplæringa, og vil ta kontakt når dei har sendt fråsegna til oss, seier Kristine Aksøy, leiar i seksjonen for trusopplæring i Den norske kyrkja.

Aksøy seier at Kyrkja ikkje har mandat til å stille krav om nynorsk målform på det materialet som eksterne organisasjonar og forlag produserer til trusopplæringa i Kyrkja, men fortel at ein del finst på nynorsk. Dessutan vil ho gjerne vere med på å setje søkjelyset på problemstillinga overfor produsentane. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...