Heim Nyhende Språktestar norskspråklege

Språktestar norskspråklege

Trass i at familien Sarwar snakkar norsk heime, ville kommunen språkteste sonen deira når han skulle byrje på skulen.

Både mor og far i famlilien er pakistanarar som er oppvaksne i Noreg, og i heimen deira blir det hovudsakleg snakka norsk. Mor Shazia Sawar meiner ikkje det er gale at det blir utført språktestar, sjølv om ho ikkje opplever det som naudsynt med testing i deira tilfelle, melder NRK.  Men ho er lei av at mediene fokuserer så mykje på kor mange minoritetsspråklege elevar det finst på dei ulike skulane. Til radio Migrapolis seier Sawar at det er viktigare å ha fokus på dei reelle problema og finne løysingar på dei.

Leiar i Foreldreutvalet for grunnopplæringa, Lovleen Brenna, er også oppteken av å nyansere bildet av minoritetsspråklege barn.

– Den aller største utfordringa i det norske utdanningssystemet er ressursfokus og ikkje mangelfokus. Det er så mykje mangelfokus på elevar i skulen i dag, som fortel barna at dei er ei utfordring og at dei har eit problem, seier Brenna til radio Migrapolis.

Les heile saka her.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...