Heim Nyhende Treng fleire kandidatar

Treng fleire kandidatar

Berre tre kommunar har søkt om å få bli Årets nynorskkommune 2010, fortel Kommunal- og regionaldepartementet. No får kommunane ein ny sjanse.

Fristen for å søke gjekk ut torsdag 16. september, men no har departementet vedteke å utsetje fristen til 10. oktober.

– Eg veit at det er mange fleire gode kandidatar i Kommune-Noreg og at mange driv aktiv og god jobbing for å styrke nynorsken. Difor utset me fristen , seier statssekretær Dag-Henrik Sandbakken i KRD til LNK-nytt.

Også i fjor måtte søknadsfristen forlengast.

– Mitt inntrykk er at ein del kommunar stiller for strenge krav til seg sjølve og trur at det er uoppnåeleg for dei å få ein slik pris. Slik er det ikkje. Stord vann i fjor og er eit godt eksempel på ein kommune som jobbar aktivt med god nynorsk, seier Sandbakken.

Prisen for Årets nynorskkommune vart innført i 2009 og skal gå til  ein kommune som har nynorsk som formell målform og som gjennom aktiv bruk av nynorsk har gjort ein særskild innsats for å fremje nynorsk som skriftmål. Prisen er på 100 000 kroner og blir delt ut i løpet av november. Juryen som skal avgjere kven som får prisen består av:

  • Vidar Høviskeland, Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK)
  • Gunn Berit Gjerde, fylkestingsrepresentant (V) i Møre og Romsdal
  • Rune Hetland, Landslaget for lokalaviser (LLA)
  • Sigfrid Tvitekkja, Språkrådet
  • Eli Johanne Lundemo, Kommunal- og regionaldepartementet.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...