Heim Nyhende Digital kjelde

Digital kjelde

 

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (35) vil gjerne spandere middag på den første redaktøren i ei tabloid riksavis som vil ha nyhende på nynorsk. Men først skal ho byggje opp eit nynorsk digitalt leksikon.

 

Korleis er det å starte i ny jobb?

– Det er supert å kome i gong. Aasen-tunet er ein flott arbeidsplass, og eg har mange dyktige kollegaer både her og i Samlaget.

Kva blir den største utfordringa?

– Den fyrste er å skaffe seg oversikt over alt som ein dagleg leiar må kunne. Deretter er det å få opp produksjonen på innhald. Det skal gå fint – vi har ein særs dyktig redaksjon.

Kva håpar du Allkunne skal bli til i framtida?

– Eg håpar Allkunne vert ei omfattande kjelde for dei som søkjer kunnskap og fakta. Og ikkje minst at det er fyrstevalet til folk, med stor kjennskap og kunnskap om kva Allkunne er.

Kvifor treng me eit oppslagsverk som Allkunne?

– Allkunne tilbyr noko anna enn det andre nettbaserte oppslagsverk har. Alt som står i Allkunne, er skrive av løna forfattarar og kvalitetssikra av ein redaksjon. Allkunne har omfattande artiklar om nynorsk kulturhistorie, personar og institusjonar som ikkje finst i andre oppslagsverk. Vi trengst fordi vi er ei kvalitetsmotvekt, og sjølvsagt: vi er på nynorsk. Det er viktig både kulturpolitisk, demokratisk og utdanningspolitisk.

Kva må til for å styrkje nynorsk skriftkultur?

– Allkunne er viktig for å styrkje nynorsken. Internett fløymer over av informasjon. Det er ikkje lett for brukarar å vite kva informasjon ein skal stole på. Vi legg stor vekt på godt språk i Allkunne. Andre tiltak som kan styrkje nynorsk skriftkultur, er: fleire masterstudentar på Høgskulen i Volda, fleire nynorske barnebøker, styrking av språkopplæringa i skulen, skilting og bruk av nynorsk i media.

Kva betyr nynorsken for deg?

– Det er morsmålet mitt.

Kvifor vel du å bruke nynorsk ?

– Fordi det er morsmålet mitt, eit dugande språk med stort spenn og mykje farge.

Kva må til for styrkje nynorsken i Oslo-pressa?

Eit vanskeleg spørsmål. Det kan gjerast med gulrot eller pisk. Det er redaktørane som bestemmer. Mykje handlar om fordommar, at ein trur at folk ikkje forstår nynorsk tekst, og at det er knotete og framandt. Eg trur mange undervurderer lesarane sine.

Eg synest det er rart med eit forbod mot nynorsk på redaksjonell plass. No er det ein del som opnar for nynorsk på kommentarplass. Det forstår lesaren. Då er det lite truleg at lesaren ikkje forstår ei nyhendesak på neste side, skriven på nynorsk.

Eg har tidlegare sagt at eg spanderer trerettars middag på den fyrste redaktøren i ei tabloid riksavis som tillet nynorsk i ein nyhendeartikkel. Dette står ved lag! Mange aviser med lesarar over heile landet nyttar bokmål og nynorsk om kvarandre, som Vårt Land og Nationen. Eg har aldri oppfatta at det er eit problem. Store aviser som Bergens Tidende nyttar også begge målformer. Det er ein styrke. Ein del nettaviser har også eit meir nyansert syn på språk. Det lovar bra.

Kva trur du er den største utfordringa for nynorsken no framover?

– Å vere med på digitaliseringa, og revisjonen av nynorskrettskrivinga.

 

AKTUELT

Bur: Ålesund

Aktuell: Tok nyleg til som dagleg leiar i Allkunne. Har tidlegare arbeidd som journalist, redaktør og PR-rådgjevar.

Språk: Nynorsk

Alder: 35

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...