Heim Nyhende Fotballspel på nynorsk

Fotballspel på nynorsk

I dag kom internettspelet Hattrick på nynorsk. – Fotball er best på nynorsk, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag til nm.no.

 Internettspelet har omlag 850 000 deltakarar over heile verda og det er omsett til over 60 ulike språk.

– Det er veldig artig og gledeleg at nynorsken kan takast i bruk i eit slikt fotballspel på Internett. For nynorsken er det viktigast å vere eit synleg bruksspråk for alle. Då må språket også brukast til slike viktige aktivitetar som fotball, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag til nm.no.

I Hattrick styrer du ditt eige fotballag, kjøper og sel spelarar og speler kampar mot andre brukarar og laget deira. For kring fem år sidan kom spelet på bokmål, og det siste året har ei gruppe entusiastar omsett det til nynorsk.

– Dette er eit spel som spelarane kan følgje gjennom mange år og med mykje tekst. Det er difor ekstra moro at engasjerte spelarar har omsett spelet sitt til nynorsk, seier Håvard B. Øvregård.

Øvregård peikar også på at dette spelet kanskje kan vere til inspirasjon for den nynorske sportsjournalistikken.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...