Heim Nyhende 16-åringar får røysta i 20 kommunar

16-åringar får røysta i 20 kommunar

20 kommunar og Longyearbyen lokalstyre får delta i forsøket med røysterett for 16 – og 17 – åringar ved lokalvalet i 2011.

143 kommunar søkte kommunal – og regionaldepartementet om å få delta i prøveprosjektet der 16 – åringane skulle få røysterett ved lokalvalet i 2011. Målet med prosjektet er å auke det politiske engasjementet blant ungdommen.

Desse kommunane vart valde ut til å delta i prosjektet: Marker, Lørenskog, Hamar, Vågå, Sigdal, Re, Porsgrunn, Grimstad, Mandal, Gjesdal, Stavanger, Austevoll, Luster, Ålesund, Osen, Namdalseid, Tysfjord, Kåfjord, Hammerfest, Kautokeino og Longyearbyen lokalstyre.

– Heile 143 kommunar søkte om å få bli med på prosjektet. Interessa var overveldande. Skal me behalde eit levande lokaldemokrati også i framtida, må me ha ungdomen med oss. Eg vonar 16-åringar ved å kunna røysta ved lokalval, kjem fortare inn i ei rolle som aktive innbyggjarar i lokalsamfunna sine, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa i ei pressemelding.

I utvelginga er det lagt vekt på variasjon i storleik, geografi, sentralitet, politisk samansetning i kommunestyret og variasjon i alderssamansetninga.

– Saman med dette har me lagt vekt på korleis kommunen i søknaden seier at dei vil trekkja ungdom med i politisk arbeid. Til saman vert dette eit forsøk som omfattar ulike typar kommunar i heile landet, seier Kleppa.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...