Heim Nyhende 5 nynorskbøker nominerte til Brageprisen

5 nynorskbøker nominerte til Brageprisen

Dei fem er Gunstein Bakke med romanen Maud og Aud. Ein roman om trafikk (Oktober). Vidare er dei fire Samlagsforfattarane Agnes Ravatn, Mette Karlsvik, Sunniva Relling Berg og Arnhild Skre nominert i kvar sin Brage-kategori.

Mette Karsvik er nominert i klassen for skjønnlitteratur for romanen Bli Björk. Det er stor førehandsinteresse for boka, som vert lansert 23.11. Bli Björk er ein roman om Björk og famlien hennar i tida før Björk slo gjennom som internasjonal artist. Agnes Ravatn er nominert i kategorien sakprosa med Folkelesnad som kom i vår, Arnhild Skre i kategorien biografi for Hulda Garborg. Nasjonal strateg, og Sunniva Relling Berg med ungdomsromanen Utfor i kategorien barne- og ungdomsbøker.

– Eg er takksam for at dei nominerte forfattarane valde Samlaget som samarbeidspartnar for desse bokprosjekta. Eg er også imponert over redaksjonen i Samlaget som har fått fram fire Brageprisnominerte på eit år, seier direktøren i Samlaget, Edmund Austigard, i ei pressemelding.

Brageprisen vert delt ut for 20. gong i år, og det skjer i Oslo 24. november.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...