Heim Nyhende Allsidig festival

Allsidig festival

Tidsklemme, rasisme, poesi, provokasjon, ordleik og eventyr – dette er berre somme av ingrediensane i Nynorske litteraturdagar dette året.

Olaug Nilssen sitt prosjekt «Kvifor har småbarnsforeldre alltid så dårleg samvit» har enda opp som ei bok, Kjøkkenbenkrealisme. Her får elleve foreldre fortelje om sine kvardagar med barnehage, søvnmangel, turnusjobbing og tidsklemme. Nilssen har ikkje løysinga på alle utfordringane, seier ho, men ho ville by på historier som ikkje nødvendigvis har eit vakkert lag av glasur på seg.

Då barnebokforfattaren Hans Sande gav ut boka Pappa er sjørøvar i fjor, vart han skulda for antisemittisme, og den israelske ambassaden klaga boka hans inn for Utanriksdepartementet. Ein skal ikkje provosere berre for å gjere det, seier Hans Sande. Men ein må ikkje vike heller.

Kristin Fridtun, på si side, pirkar borti kvardagsorda våre. Ein fot er ikkje berre ein fot – og kvifor seier vi at ei kake har fått føter å gå på? Fridtun er ein ung forfattar frå Elverum med sans for språket og Ivar Aasen, og ho har nyss gjeve ut boka Norsk etymologisk oppkok.

I Sogn og Fjordane har dei no samla ei mengd lokale eventyr og gitt ut i boks form. Somme av eventyra er nye for lesarane, og det er ikkje utan grunn at nokre av dei gamle eventyra og segnene våre ikkje har fått lys på seg før no.

Alt dette kan du lese meir om i LNK-avisa som kjem ut kommande veke.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...