Heim Nyhende Ap-nei til regjeringas kommunereform

Ap-nei til regjeringas kommunereform

Arbeidarpartiet kjem ikkje til å støtte regjeringas opplegg for tvangssamanslåing av kommunar. Det er den utstrekte bruken av tvang som får Ap til å vende tommelen ned.

 

I kommunalminister Jan Tore Sanners forslag opnast det nemleg for at kommunesamanslåingar kan skje med tvang. Ap er svært lunkne til dette.

– Vi kan ikkje støtte regjeringas forslag slik det no ser ut. Regjeringa opnar for utstrakt bruk av tvang dersom ikkje kommunane konkluderer slik regjeringa vil. Det kan vi ikkje støtte, seier Aps nestleiar Helga Pedersen til Aftenposten.

Ho meiner at ei reform må vere basert på reell fri vilje og krev at Høyre og Frp må komme med ein justert kommunereform dersom dei ønskjer Aps støtte.

Aps haldning kan føre til at tidsplanen for kommunereforma sprekk. Målet var å kunne presentere eit heilt nytt kommunekart i 2017, men sentrale kjelder i Høyre seier til Aftenposten at det er problematisk å sette i gang ein slik omfattande reform utan å ha eit breitt fleirtal, inkludert Ap, bak seg i Stortinget.

Kommunalpolitikar i Høgre Frank Jenssen seier til avisa at han har problem med å sjå kva for delar av reforma Ap eigentleg er ueinig i. Han seier at han ikkje kjenner seg igjen i skildringa av at regjeringa legg opp til utstrakt tvangsbruk.

– Vi oppfattar at Ap også ser eit behov for ei kommunereform, og det er bra, seier Jenssen. Han ser ikkje bort frå at det kan vere aktuelt å sjå på enkeltpunkt på nytt. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...