Heim Nyhende Ap vil ikkje prioritere bøndene

Ap vil ikkje prioritere bøndene

 Ap-nestleiar Helga Pedersen signaliserer at årets landbruksoppgjer blir «moderat» trass beskjed frå dei landbrukspolitiske ekspertane i partiet om at temperaturen er høgare enn tidlegare.

 Ap sette ned ei landbrukspolitisk ressursgruppe på Stortinget. Gruppa skal komme med innspel til partiet rundt jordbruksforhandlingane og til stortingsmeldinga om landbruk.
 Pedersen slår fast overfor Nationen at gruppa skal bidra med råd, ikkje noko meir.

 – Me har mange grupper i partiet som ønskjer meir pengar til sitt område, og denne gruppa kan ikkje diktere landbrukspolitikken til Ap, seier Pedersen.
 Landbruksgruppa i Ap blir leia av Arne L. Haugen, fraksjonsleiar i næringskomiteen på Stortinget. Haugen meiner at temperaturen i landbrukspolitikken er betydlege høgare enn på mange år.

 – Eg får veldig mange meldingar inn både frå bønder, Ap-ordførarar, regionalråd og fylkesting. Eg merkar at temperaturen er mykje større enn tidlegare, seier han til avisa.
 Pedersen vil ikkje love noko løft i årets jordbruksoppgjer. Tvert om må bøndene vere med på å bere ansvaret for ein stram økonomisk politikk.

 – Det er for tidleg å seie, men også jordbruksoppgjeret må vere prega av moderasjon. Heile samfunnet må ta ansvar for å halde talet på arbeidsledige lågt, seier Pedersen. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...