Heim Nyhende Årsrapport for LNK 2023–2024

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra. Styret vurderer det slik at denne rapporten, saman med revidert rekneskap for meldingsåret, gjev eit godt bilete av drifta i organisasjonen.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er ein kultur- og interesseorganisasjon for kommunar, fylkeskommunar og interkommunale føretak. Organisasjonen har som føremål å fremja nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd. Alle kommunar, fylkeskommunar og interkommunale føretak som gjer bruk av nynorsk språk i skulen og/eller i administrasjonen, kan verta medlemer i LNK.

Oppsummering

Det har vore stor aktivitet i LNK dei siste to åra. Nettstadene våre har nådd over éin million brukarar i løpet av dei to åra. Framtidajunior.no blei kåra til Årets nynorskbrukar av Nynorsk kultursentrum på Festspela i 2023, og har opplevd rekordmange deltakarar i skrivekonkurransane sine. Framtida.no har lansert ein ny debattportal og ny nettside. I 2023 lanserte LNK eit flunkande nytt digitalt nynorskkurs for lærarar. LNK har arrangert 24 På saklista-kurs.

Talet på medlemsbesøk har tatt seg opp, og for første gong deltok LNK på Nynorskstafetten saman med Noregs Mållag i 2023. Dette var i Nord-Gudbrandsdalen. I 2024 deltok LNK på Nynorskstafetten rundt Bergen og på Haugalandet.

I det følgjande kan du lesa meir om aktivitetane til LNK i løpet av 2023 og 2024.

Trine Lerum Hjellhaug, adm. dir. i Lerum, heldt føredrag på landstinget i Sogndal i 2023 med tittelen «Saftbygda Sogndal – korleis bruker me identiteten vår i marknadsføringa». Foto: Svein Olav B. Langåker

30-årsjubileum og landsting

Dåverande kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) heldt helsingstale til landstinget til LNK i Sogndal 2023. Foto: Svein Olav B. Langåker

LNK arrangerte landsting på Quality Sogndal Hotell 1.–2. juni 2023, og markerte samstundes 30-årsjubileum. Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik heldt helsingstale, og det same gjorde fylkesordføraren under middagen.

Tinget samla om lag 64 deltakarar. I tillegg deltok ein klasse ved Sogndal vidaregåande skule torsdagen.

Landstinget hadde seks hovudtema:

  • Robotane kjem! Korleis kan språkteknologi hjelpa kommunane?
  • Innkjøpsmakt og språkmakt i kommunane
  • Identitetsskapande merkevarebygging
  • Korleis kan kommunane nå dei unge?
  • Nynorskpolitikk og språkbruksplanar i kommunane

Stig Ulv sytte for ein artig og fin konsert i Sogndal kulturhus. Landstinget vart arrangert av LNK i samarbeid med Sogndal kommune, Vestland fylkeskommune og organisasjonen Nynorskfylket Vestland.

LNK deltok på nynorskstafett både i 2023 og 2024. Her frå besøket med Sveio kommune.

Kursverksemd

I meldingsåret 2024 gjennomførte me 11 nynorske klarspråkkurs og i 2023 arrangerte me 14 i medlemskommunane våre. Me har halde kurs i alle kommunar som har bede om det, og har marknadsført kursa på nettsidene våre, i nyhendebrev, på e-post til kommunane og på medlemsbesøka me har gjennomført.

I 2023 fekk Austevoll og Bjørnafjorden eit kurs tilpassa plan- og reguleringsavdelingane deira.

Me ser at det kjem stadig nye kommunar som er interesserte i kurs, samstundes som fleire kommunar har kurs kvart år. Med den så pass store interessa for kursa i 2023, vurderte styret at interessa kunne bli større enn me har budsjett for i 2024. På styremøtet i desember vedtok styret å utvida budsjettet med 50.000 kroner, samstundes som me innfører ein eigendel på 25 prosent av kurskostnaden. I 2022 auka ramma med 100.000 kroner. Det kan vera vanskeleg å auka budsjettposten noko særleg meir utan at det går ut over drifta elles.

Jostein Avdem Fretland er dagleg leiar for Fretland & Fretland og held dei fleste av På saklista-kursa.

Fretland & Fretland AS i Lærdal har sidan 2020 hatt ansvaret for utvikling, innsal og gjennomføring av kursa til LNK. Dei melder om at enkelte av kurs av og til har ein del avmeldingar, som gjer at det kunne vera plass til fleire på kursa. Ein eigendel kan bidra til at fleire vil prioritera å ta kurs dei har meldt seg på.

Kursboka for På saklista-kurset er framleis På saklista. Språk og saksbehandling på papir og nett av Jan Olav Fretland. Boka er no under revidering.

Deltakarar oppfattar «På saklista» som både eit språkkurs, eit saksbehandlingskurs og eit klarspråk-kurs. Tilbakemeldingane deira er svært gode, og dei legg vekt på nytten av kurset i den kommunale kvardagen. Kursa går over to dagar.

Kurset for lærarar «På tavle og på skjerm» bruker boka Rett & Godt (Søyland/Fretland) som kurshefte.

På oppdrag frå Bergen kommune lanserte LNK i september 2023 eit ope og gratis digitalt nynorskkurs for lærarar. Kurset er utvikla av Jan Olav Fretland, tidlegare dosent ved Høgskulen på Vestland, og ein nestor innanfor nynorskdidaktikken. Kurset er sett saman av fleire videoar og oppgåver som deltakarane får løysa digitalt.

Hausten 2023 bidrog LNK i planlegginga av språkkonferansen i samband med opninga av Nynorskhuset i Førde.

LNK har òg bidratt på fleire seminar og inspirasjonssamlingar for lærarar i løpet av dei siste to åra.

Kursverksemda for barn og unge blir nemnt under kapitla om Framtida.no og Framtida junior.

Nynorsk og digitale læremiddel

Våren 2023 jobba LNK tett saman med resten av nynorskrørsla for å gjera opplæringslova best mogleg for nynorskelevane. LNK og Noregs Mållag fekk 121 ordførarar frå både nynorsk-, bokmåls- og språknøytrale kommunar til å stilla seg bak oppropet for like vilkår for nynorsk- og bokmålselevar, og for å leggja «læringsressursar som er laga for bruk i opplæringa» inn under parallell-kravet om bokmåls- og nynorskversjon. Berre slik kan nynorskelevane få ein skulekvardag på språket sitt.

Tidlegare var det relativt lett å kontrollera at staten følgde opp pliktene sine på dette området, men læremiddel er ikkje lenger berre bøker. Digitaliseringa har kome for fullt, også i skulen. Samstundes tar ikkje utviklarar og leverandørar av appar og programvare ansvar for språk i produkta sine. Nokre kommunar har gjort vedtak om at dei ikkje vil kjøpa inn programvare som ikkje finst på nynorsk, men i praksis er dette vanskeleg når det ikkje finst tilsvarande relevant programvare på nynorsk, av og til heller ikkje på bokmål. Sidan krav frå kommunane til enkeltleverandørar i praksis gjer lite inntrykk på store internasjonale konsern, bør kommunane halda fram med å stilla krav til Kunnskapsdepartementet om at digitale læringsressursar kjem inn under Opplæringslova, gjennom ei forskrift eller ei lovendring.

Stadig meir av skulekvardagen blir digital. Då er det viktig å setja språkkrav til verktøya som blir brukte i skulen. Illustrasjonsfoto: Svein Olav B. Langåker

Den nye opplæringslova blei vedtatt før sommarferien 2023. Lova er ikkje god nok for lærarane og nynorskelevane. Språkdeling i ungdomsskulen og krav om nynorske skriveprogram er veldig bra. Men fleirtalet på Stortinget vedtok lova utan eit viktig krav: å ta med læringsressursar som er laga for bruk i opplæringa inn under parallell-kravet om bokmåls- og nynorskversjon

Ei samla målrørsle, Forleggerforeningen, Utdanningsforbundet, Elevorganisasjonen og Språkrådet står bak dette kravet. Stortingsfleirtalet gjekk ikkje inn for dette, men Utdanningskomiteen har gitt regjeringa beskjed om å henta inn meir kunnskap om situasjonen.

LNK har allereie gjennomført fleire undersøkingar om den digitale situasjonen for skulane og elevane i nynorskområde, og har delt desse med Utdanningsdirektoratet. Me vil halda fram med å jobba for at det vert utvikla fleire digitale læremiddel, læringsressursar, appar og meir relevant programvare på nynorsk og for at det blir stilt krav i lov eller forskrift om dette.

Nynorskstafetten var innom Vågå bibliotek og biblioteksjef Kai Robin Flesvik Nilsen hausten 2023.

Språkplanar 

Å støtta medlemskommunane med å laga språkbruksplanar er eit viktig arbeid for LNK. LNK har det siste året vore i kontakt med fleire kommunar med råd til arbeidet med språkplanar. LNK har vore i fleire med møte Vestland fylkeskommune og kome med skriftlege innspel til arbeidet deira med retningslinjer for språkbruk i Vestland fylkeskommune.

Vinteren 2023 avslutta LNK og Nynorsk kultursentrum ei undersøking mellom kommunane i nynorskområde. Av dei 75 kommunane som svara, var det 38 kommunar som svara at dei ikkje har vedtatt nokon språkbruksplan, språkprofil eller handlingsplan for språk. 28 har vedtatt ein slik språkplan, medan ni kommunar ikkje veit dette. 18 kommunar svara at det var aktuelt å oppdatera språkplanen deira i den nærmaste framtida.

Når det gjeld tema for innhald i språkbruksplanane i bruk, er krav om rettskriving, administrasjonsspråk og klarspråk det som er mest vanleg. Språkbruk og språkfremming i ekstern kommunikasjon er òg ein del av språkplanane til eit fleirtal av dei som svara. Mindre vanleg er det å nemna språkbruk og språkfremjing innan andre delar av kommunal drift, som til dømes innan skule, barnehage, vaksenopplæring og bibliotek. Berre fira kommunar set krav til nynorskkompetanse ved tilsetjing. I stillingsutlysingar opplyser nær 63 prosent av kommunane om administrasjonsspråket i kommunen.

Hausten 2024 har LNK utvikla ein ny og oppdatert mal for språkbruksplanar, der òg språkteknologi og kunstig intelligens er tematisert. I malen kjem LNK med fleire konkrete tiltak til korleis kommunane kan driva god, lokal språkpolitikk basert på beste praksis i kommunane og faglege råd.

Frå venstre framme: Vikar i Magasinett Marie Knutsen Bruntveit, redaktør Andrea Rygg Nøttveit, journalist Åshild Slåen. Bak frå venstre: Språksjef Birgitte Vågnes Bakken og deltidstilsett Eirik Dyrøy Lotsberg.

Framtida.no

Framtida.no er ei nynorsk nyhende- og debattavis på nett for unge i alderen 14–25 år.

Framtida.no er eigd av Landssamanslutninga av nynorskkommunar, men er redaksjonelt uavhengig.

Framtida.no dekkjer heile landet, men fokuserer på saker som er viktige for unge, som ungdomsengasjement og politikk, samfunn, klima, miljø og identitet. Målet er å løfta og styrka engasjementet til unge, samstundes som me er eit nynorsk lokomotiv på nett.

For Framtida.no er det viktig å vera ein lærande arbeidsplass, som bidreg til å gje nynorskjournalistar både opplæring og arbeidsmoglegheiter. Framtida.no har i 2023 og 2024 tre fast tilsette, inkludert redaktør. Stiftinga Magasinett har ein fast tilsett i 2024 og ein vikar i 40 prosent stilling i 2023 og 2024.

Framtida.no er ein liten redaksjon som har vakse sakte sidan oppstarten i 2010. Framtida.no prioriterer å ha fast tilsette som kan løysa prosjekt internt i organisasjonen. Framtida.no har òg fleire dyktige vikarar og frilansarar, som ofte er nærare målgruppa i alder og bidreg med både nye perspektiv og mangfald i ein liten redaksjon.

Praktikant frå Nynorsk Avissenter intervjuar ei ung kjelde. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Framtida.no har i 2023 og 2024 hatt to praktikantar frå Nynorsk Avissenter, ein frå Oslomet og ein frå Universitetet i Stavanger. Me har òg teke imot elevar som jobbar for Operasjon Dagsverk, og ein vidaregåandeelev i VG2 medieproduksjon i skuggepraksis.

Eit høgdepunkt i 2024 var då Framtida-redaksjonen og Framtida Junior-redaksjonen hadde felles strategisamling på Stord i samband med demokrati- og lovjubileet Moster 2024.

Ved høve har Framtida.no redaksjonsmøte med målgruppa, der me held føredrag og workshop om ytringsfridom, medieetikk og debatt. Under Mostratinget for ungdom fekk ungdomsrådsrepresentantar frå heile landet opplæring i korleis media tenkjer og jobbar.

Framtida.no har i 2024 publisert 979 artiklar for målgruppa 14–25 år.

Framtida.no følgjer saker som handlar om nynorsk, opplæring og rettigheiter til utsette grupper ekstra tett. Dette er saker som me har vorte sitert på i andre nyheitsmedium.

I 2023 vart Framtida.no sitert i to NPK-artiklar og ei NTB-sak. NPK-NTB-saka «Aker Solutions forbyr TikTok» vart publisert i minst ni nettaviser, inkludert TV 2 og Dagbladet. Dette bidreg til at Framtida.no når breiare ut.

Andre saker som vart sitert i 2023 er:

I 2024 vart Framtida.no sitert i to NPK-artiklar:

Som eit ledd i det å visa fram og styrka engasjementet til unge har Framtida.no eit aktivt fokus på å finna kjelder under 26 år.

I 2023 vart ei sak som Framtida.no løfta gjenstand for debatt på Stortinget. SV-representant Marian Hussein sende skriftleg spørsmål til dåverande helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) etter å ha lese artikkelen «Reidun (23) avbestilte sjukehustime – fekk Vipps-krav på 1500 kroner».

Redaktør i Framtida.no, Andrea Rygg Nøttveit, held føredrag for ungdomsrådsrepresentantar frå heile landet.

Framtida.no har òg eit innhaldssamarbeid med ABC Nyheter, som får nytta artiklane våre som er relevante for ei noko eldre målgruppe enn Framtida.no sine lesarar. Dette samarbeidet bidreg til at også nyheitslesarar som ikkje aktivt oppsøkjer nynorsk får tilgang på det. Redaktør i ABC Nyheter har uttala at han er overraska over at lesarane deira ikkje har reagert negativt på målforma.

Sommaren 2023 gjekk Framtida.no over til Google Analytics 4, som erstatta Universal Analytics. Overgangen var naudsynt på grunn av nye personvernreglar, men har ført til at trafikken før overgangen ikkje vert med på oversikta.

Dette betyr at tala for 2023 berre er frå 20. juni og ut året.

Visningar: 

Hausten 2023: 704 265

2024: 1 086 715

Økter: 

Hausten 2023: 541 526 økter

2024: 805 262 økter

Aktive brukarar: 

Hausten 2023: 395 460

2024: 586 250

Som ein del av Framtida.no sitt arbeid med å løfta og styrka engasjementet til unge, satsar me på å henta inn og presentera debattstoffet vårt på ein god måte. Redaksjonen rettleiar debattantane både når det kjem til språk og kjeldearbeid, som er vårt bidrag til ein god og sakleg samfunnsdebatt.

Me jobbar kontinuerleg med å betra representasjonen blant meiningsytrarane våre. Framtida.no hentar inn meiningsinnlegg frå aktuelle debattantar ved å kontakta dei direkte, eller spørja om republisering eller utviding av innlegg frå sosiale medium. I tillegg får me inn debattinnlegg via tips@framtida.no og debattportalen vår.

Framtida.no lanserte ein ny debattportal, utvikla av Blåis AS i april 2023. I løpet av året fekk me inn 102 debattinnlegg og skrivekonkurransebidrag via portalen.

Framtida.no har publisert 120 meiningsinnlegg frå unge skribentar i 2024. Brorparten av desse er sendt inn via Framtida.no sin debattportal. Framtida.no har gjennom Magasinett arrangert seks skrivekonkurransar i 2023 og 2024.

Les meir i årsrapporten til Framtida.no!

6. trinn ved Bø skule i Hå kommune vann førsteplassen i skrivekonkurransen til Framtida junior i januar 2024. Foto: Svein Olav B. Langåker

Framtidajunior.no

Framtidajunior.no blir drifta av LNK, og er ei nynorsk nettavisa for barn mellom 7–13 år. Framtidajunior.no blir mykje brukt i skulen, men nettstaden blir også mykje brukt i fritida.

I 2024 har 103.000 brukarar vore innom Framtidajunior.no. I 2023 har over 112.000 brukarar vore innom Framtidajunior.no. Totalt sidan oppstarten 17. oktober 2017 har over 700.000 brukarar vore innom nettsidene våre.

Framtidajunior.no har gjennomført fem skrivekonkurransar i 2024 og fem i 2023. Totalt kom det inn 900 bidrag i 2024 og over 1050 bidrag frå barn over heile landet i 2023. Det er ny rekord. Dei beste tekstane er publisert på meiningar-sidene til Framtidajunior.no.

I 2023 har me publisert 620 artiklar på Framtidajunior.no og 15 kvissar, og i 2024 har me publisert 531 artiklar og 8 kvissar. Sidan starten 17. oktober 2017 er det publisert over 5200 artiklar og 217 kvissar.

Framtidajunior.no blei i 2023 tildelt prisen Årets nynorskbrukar av Nynorsk kultursentrum under Festspela. Prisen er på 100.000 kroner.

Framtida Junior fekk for første gong støtte av Fritt Ord i 2023. Støtta på 100.000 kroner gjekk til prosjektet «Unge stemmer i lokalvalet». Me laga ein artikkelserie og ei temaavis om forskjellar i Kommune-Noreg og korleis det påverkar skule-, kultur- og fritidstilbod. Me skreiv om barnefattigdom og forskjellar – og om korleis barn og unge kan vera med på å påverka og om unge som engasjerer seg. I tillegg arrangerte me ein skrivekonkurranse der over 150 barn skreiv om saker som engasjerer dei.

trinn ved Fjelltun skule i Strand kommune fekk besøk av Framtida junior etter at dei vann skrivekonkurransen til Framtida junior i mars. Foto: Svein Olav B. Langåker

Framtida Junior – papiravis

I samarbeid med Hallingdølen, Hordaland, Os og Fusaposten, Sogn Avis, Sunnhordland og ABC Startsiden driv me papiravisa Framtida Junior. Avisa kjem ut kring éin gong i månaden til abonnentar over heile landet. Målet er at inntektene frå abonnementssal vil gi eit bidrag til meir journalistikk på nynorsk for barn gjennom Framtida Junior. Avisene har allereie bidratt mykje inn i samarbeidet, med både marknadsføring og innhald til papiravisa.

Talet på abonnentar har vore aukande, med eit opplag i 2024 på nesten 1000. Mykje skuldast abonnement av klassesett av avisa.

Konsentrerte ungar i Lesedigg-klubben på Stord. Foto: Svein Olav B. Langåker

Lesedigg og Lesedigg-klubben

I 2023 har Framtida Junior samarbeidd med Nynorsk kultursentrum, Nynorsksenteret og seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune om å vidareutvikla den digitale teneste som skal hjelpa barn å finna kjekke bøker å lesa.

Hausten 2023 starta me eit samarbeid med Høgskulen på Vestland og Stord folkebibliotek om ein leseklubb for barn frå 4.–6. trinn; Lesediggklubben. Klubben arrangerer fleire opne samlingar i biblioteket der me les høgt, snakkar om bøkene med barna og gjer ulike aktivitetar til bøkene. Prosjektet har mål av seg til å skapa ein modell for korleis ein kan skapa leselyst og få meir aktivitet i biblioteka.

LESEGLEDE: Salomon (9) frå Stord vil ha lesediggklubb fleire plassar i Noreg slik at fleire barn skal få oppdaga den store lesegleda. Foto: Svein Olav B. Langåker

Les lesarbrevet til Lesediggklubb-medlem Salomon (9): Vil ha lesediggklubb fleire plassar i Noreg

Svein Olav B. Langåker heldt journalistkurs for elevar ved Kinsarvik skule i januar 2023.

Kurs for barn og unge

I 2023 og 2024 har Framtida junior arrangert 10 miljøjournalistkurs for mellomtrinnet. Dette har gjeve Framtida junior god kontakt med målgruppa og også fleire saker frå barn som har blitt publisert i avisa.

Dagleg leiar i LNK har kursa Ungdommens fylkesting i Vestland i debatt kvart av dei siste åra. Ungdomsråda i Hardanger fekk debatt- og medverknadskurs i 2023. Ungdomsråd i seks kommunar fekk debattkurs i 2023. Frå 2022 og til og med 2024 har dagleg leiar i LNK vore prosjektleiar for Mostratinget for ungdom, på oppdrag for Moster 2024. I jubileumshelga for innføringa av kristenrett, kom ungdommar frå heile landet til Moster for å diskutera seg fram til kva som er dei viktigaste verdiane å ta med seg inn i framtida, og kva som er dei viktigaste sakene for ungdom.

Representantar frå regjeringa, Stortinget, Sametinget og fylkesordføraren i Vestland blei utfordra av ungdommane i Moster Amfi 2. juni – og 1. juni møtte ungdommane kronprinsparet. Foto: Svein Olav B. Langåker

Sponsorar og prosjektstøtte

Ingen andre nynorsktiltak når så mange brukarar for så lite pengar som Framtida.no. Me er svært glade for at støtta frå Kulturdepartementet på vel 1,5 millionar kroner til Framtida.no og Framtidajunior.no held fram.

Samarbeidsavtalen med KLP har gjeve LNK ei inntekt på 300.000 kroner, og samarbeidsavtalen med Fagforbundet har gjeve LNK ei inntekt på 400.000 kroner. Støtta har blitt brukt til å gi gratis språkkurs for tilsette i medlemskommunane, og støtta nettsatsingane våre.

ABC Startsiden har støtta Framtida.no med 250.000 kroner i 2023 og 50.000 kroner i 2024.

Me er svært glade og takknemlege for alle andre som har støtta drifta vår i løpet av året som har gått.

Framtidajunior.no og Framtida.no har òg blitt støtta av Utdanningsdirektoratet gjennom Magasinett.

Framtida.no-redaksjonen har òg hatt ansvar for drifta av Pirion.no og Magasinett.

LNK har òg hatt nokre inntekter frå debattkurs og leiing av debattar, samtalar og bokbad. LNK har fått betalt arbeidet med prosjektleiing og kursing av ungdommar i samband med Moster 2024-jubileet.

SKL har sponsa kurset grøne miljøjournalistar med 40.000 kroner.

Styreleiar Sara Hamre Sekkingstad og dagleg leiar Svein Olav Langåker i møte med stortingsrepresentant Birgit Oline Kjerstad (SV) om støtte til læremiddel på nynorsk for framandspråklege.

Nynorske læremiddel for framandspråklege

Mangelfull opplæring for framandspråklege er eit tema LNK har hatt på dagsordenen dei siste åra. Mange nynorskkommunar nyttar framleis bokmål som opplæringsmål for framandspråklege. Ifølgje ei undersøking LNK gjennomførte hausten 2023, hadde litt under halvparten av nynorskkommunane opplæring på nynorsk for vaksne framandspråklege. Det talet er LNK ikkje nøgd med.

Eit av argumenta for å velja bokmål som opplæringsmål, er at det finst altfor få læremiddel på nynorsk for denne gruppa, og at det som finst, er for dårleg. Fram til 2019 har tilfanget auka, ikkje minst takka vera det arbeidet Kompetanse Noreg gjer og støtta dei har gjeve. Men sidan 2016 har ikkje Kompetanse Noreg gjeve ny støtte til nynorske læremiddel.

LNK har deltatt saman med Nynorsk forum på budsjetthøyring i kommunalkomiteen på Stortinget både i 2023 og 2024. LNK har òg vore i møte med fleire representantar og parti om saka.

54 av 55 kommunar som svara på spørjeundersøkinga til LNK ønskjer betre tilgang på nynorske læremiddel. LNK vil arbeida for at det kjem fleire midlar til fleire læremiddel på nynorsk.

Slik det er i dag, vert avgjerd om målform for framandspråklege i mange kommunar overlate til rektorane og dei som underviser. Dette meiner LNK er uheldig. Slike saker bør opp på den politiske dagsordenen. Derfor oppmodar LNK kommunepolitikarane om å ta tilbake den politiske styringsretten på dette området.

Direktør i Nynorsk kultursentrum Olav Opsvik og dagleg leiar i Nynorskkommunane LNK, Svein Olav B. Langåker, deltok i budsjetthøyring på Stortinget 22. oktober 2024.

Høyringsfråsegner og påverknadsarbeid

LNK har kome med fleire høyringsfråsegner i 2024 og 2023. Dei viktigaste er opplæringslova, statsbudsjettet, rapporten etter Ytringsfridomskommisjonen og forslag til omgjering og forskriftsfesting av tilskotsordninga om grunntilskot til organisasjonar. LNK har òg kome med innspel til leselyststrategien til regjeringa.

LNK har deltatt i møte med politisk leiing i Kulturdepartementet om statsbudsjettet for fleire nynorsktiltak i 2023.

I møte med politisk leiing i Arbeids- og inkluderingsdepartementet i 2023 har LNK tatt opp støtta til fleire nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar. Dette er òg tatt opp i budsjetthøyringane i kommunalkomiteen i 2023 og 2024, og i møte med SV-representanten i kommunalkomiteen og i møte med fraksjonane til Ap og Sp. Det er òg skrive lesarbrev og LNK uttala seg til NRK om saka hausten 2023.

LNK, Landslaget for lokalaviser og Framtida.no møtte hausten 2024 kommunalministeren for å koma med innspel til støtteordninga for valinformasjonsarbeid.

LNK har kome med innspel til Utdanningsdirektoratet om kunnskapsinnhentinga dei gjer for å sjå bruken av læringsressursar utvikla til bruk i skulen og i kva grad dei er i bruk og finst på nynorsk. Hausten 2024 har LNK skrive brev til Kunnskapsdepartementet, Digitaliseringsdepartementet og Kultur- og likestillingsdepartementet om manglande nynorskstøtte i skriveprogrammet til Google, noko som er eit brot på den nye opplæringslova. LNK har òg deltatt på møte med Løvebakken mållag og tatt opp saka.

LNK deltok for første gong i Arendalsveka i 2023 saman med fleire andre nynorskorganisasjonar.

Rådmann Anita Hesthamar, ordførar Torgeir Næss, administrativ rådgjevar Kari Weltzien Vik og Kjell Arne Gjøn, rektor ved vaksenopplæringa i Kvam var med og heldt faginnlegget frå Kvam herad. Foto: Svein Olav B. Langåker

Andre samarbeid og verv

LNK er medstiftar i Nynorsk kultursentrum som har hovudkontor i Ørsta, og avdelingar i Ulvik og Vinje. Tidlegare nestleiar i styret til LNK. Gunnar Strøm var rådsmedlem til desember 2023, medan Hallvor Lilleslett er vararepresentant. Då blei dagleg leiar rådsmedlem og Gunnar Strøm varamedlem.

LNK er medstiftar i Nynorsk Avissenter i Førde, saman med Firda Media as og Mediebedriftenes Landsforening (MBL). Dagleg leiar er styremedlem.

LNK er medstiftar i Nynorsk bedriftsforum, og dagleg leiar er styremedlem.

LNK driv Magasinett og Piron med utgangspunkt i langsiktige avtalar med dei to stiftingane. Begge avtalane vart reviderte i 2019. Dagleg leiar i LNK har vore styreleiar i begge stiftingane.

LNK har vore medlem i organisasjonen Nynorskfylket sidan tiltaket vart skipa i Førde i 2015. Etter regionreforma vart organisasjonen ført vidare som Nynorskfylket Vestland, no med fylkeskommunen Vestland som politisk og administrativ pådrivar. LNK er framleis med i nettverket, og dagleg leiar har vore med i arbeidsgruppa i forumet.

Dagleg leiar er òg medlem av Fagrådet for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning hjå Språkrådet. Han er òg personleg valt inn som møtande vara i styret til Det Norske Samlaget, og er i tillegg rådsordførar for Litteraturselskapet Det Norske Samlaget.

LNK er samarbeidspartnar til den nynorske barne- og ungdomsbokfestivalen Falturiltu og dagleg leiar er medlem programkomiteen til Falturiltuseminaret på Høgskulen på Vestlandet.

Dagleg leiar i LNK er med i juryen for Årets nynorskkommune. Frå 2022 blei det bestemt at prisen blir delt ut annakvart år. Hausten 2024 fekk Kvam herad utdelt prisen Årets nynorskkommune av kulturministeren.

LNK er fast medlem om Forum nynorsk i opplæringa. Dagleg leiar møter fast i dette. I 2023 hadde Utdanningsdirektoratet ansvar for dette. Frå 2024 fekk òg Språkrådet eit delansvar for dette forumet.

Ungdomsråda i Sunnhordland fekk debattkurs i både 2023 og 2024. Her saman med ordførarane i Sauda, Austevoll, Bømlo, Etne, Tysnes og Sveio i januar i 2024.

Medlemer

Per 31. desember 2024 var 85 kommunar, tre fylkeskommunar og 17 regionråd/andre IKS medlemmar, men tre kommunar er i utmeldingsprosess. Økonomi blir oppgjeve som årsak til utmeldingane.

Frå 2023 har BKK meldt seg ut, og det er dermed 17 regionråd og IKS som er medlem. Våren 2023 vedtok Vang kommune å melda seg ut, og i desember vedtok det nye fleirtalet i nye Ålesund kommune å gjera kommunen språknøytral og melda kommunen ut av LNK. Utmeldinga skjer etter vedtektene til LNK normalt etter to kalenderår, men styret vedtok i desembermøtet sitt å gå i dialog med nye Ålesund kommune om utmeldinga. Nye Haram kommune blei medlem i 2024.

Medlemstal var per 31. desember 2019 126, det høgaste medlemstalet i LNK si historie. Av desse medlemene var 104 kommunar, fira fylkeskommunar og 18 regionråd/andre kommunale selskap. Medlemstalet har vore stabilt veksande gjennom fleire år.

Grunna samanslåingar som følgje av kommune- og regionreformene vart talet på medlemer per 1. januar 2020 redusert til 85 kommunar, tre fylkeskommunar og 18 regionråd/andre IKS.

Frå venstre Hallvor Lilleslet, Reidun Sandvik, Marie-Helene Hollevik Brandsdal, Sara Hamre Sekkingstad, Øyvind Strømmen og Nils Johan Svalastog Garnes.

Styre

På Landstinget 2023 gjekk Gunnar Strøm, Magnus Mjør, Kari Våge Gjuvsland og varamedlemmene Jarand Felland og Marit Nerås Krogsæter ut av styret, medan Nils Johan Svalastog Garnes, Marie-Helene Hollevik Brandsdal, Øyvind Strømmen og varamedlemene Reidun Sandvik og Iselin Haugo Stavn kom inn. Etter dette har styret i LNK vore sett saman slik:

Styreleiar: Sara Hamre Sekkingstad
Nestleiar: Nils Johan Svalastog Garnes
Styremedlem: Hallvor Lilleslet
Styremedlem: Marie-Helene Hollevik Brandsdal
Styremedlem: Øyvind Strømmen

Varamedlemer
1. Reidun Sandvik (fast møtande)
2. Iselin Haugo Stavn
3. Kåre Martin Kleppe

Styret har hatt fire styremøte i løpet av året.

Økonomi

Samla rekneskap for 2024 syner eit overskot på 485.754 kroner. Overskotet skuldast i hovudsak reduserte pensjonskostnader samanlikna med 2023, refusjon av sjukepengar og tre færre På sakslista-kurs. LNK har ei ytingsbasert pensjonsordning frå KLP, og derfor vil pensjonskostnadene variera frå år til år. Av ein omsetnad på kring 7 mill. i 2024 var 3 mill. statstilskot frå Kulturdepartementet, 2 mill. medlemskontingent, medan resten var eigne inntekter; først og fremst prosjekttilskot og annonsesal, i tillegg til tilskot frå samarbeidspartnarane Fagforbundet og KLP.

Samla rekneskap for 2023 syner eit underskot på 324 597. Dette blir dekt frå eigenkapitalen. Av ein omsetnad på vel 7,6 mill. i 2023 var 3 mill. statstilskot frå Kulturdepartementet, 2 mill. medlemskontingent, medan resten var eigne inntekter; først og fremst prosjekttilskot og annonsesal, i tillegg til tilskot frå samarbeidspartnarane Fagforbundet og KLP. Begge desse avtalane vart fornya i 2021 og gjeld fram til 2025.

Cathrine Hellandsvik, konserndirektør for liv og pensjon i KLP, underteikna samarbeidsavtale for 2025-2027 med dagleg leiar i LNK, Svein Olav B. Langåker hausten 2024. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Hausten 2024 blei begge desse avtalane fornya. Avtalen med Fagforbundet er redusert frå 400.000 til 250.000 kroner i året. Ein samarbeidsavtale med Hotell Bondeheimen har ein verdi på om lag 100 000 (gjeld gratis overnatting for tilsette/styre), men denne summen er ikkje synleggjort i rekneskapen. Administrasjonen og Framtida Junior-redaksjonen har gratis lokale hos Mediehuset Sunnhordland i Leirvik på Stord.

Revisjon

Vekst revisjon i Oslo er vald som revisor for LNK.

Framtida Junior-journalistane Synne Ulltang og Janne Nerheim deler kontakt med redaktør og dagleg leiar Svein Olav B. Langåker i lokala til Sunnhordland på Leirvik på Stord.

Administrasjon og redaksjon

Dagleg leiar har vore Svein Olav B. Langåker. Rekneskapsførar har vore ECIT Stord.

I 2023 har Framtida.no hatt ein redaksjon på kring fire årsverk. Framtida Junior har hatt vel to journalistiske årsverk.

Redaksjonen har kontor i Oslo og på Stord. Frå mai 2023 og ut februar 2024 jobba Framtida Junior-journalist Synne Ulltang frå Sør-Korea.

Arbeidsmiljøet i LNK er godt. Sjukefråveret var lågt i 2023 fram til 4. kvartal. Dei siste fira kvartala var sjukefråveret i snitt 12,2 %, der 11,7 prosent er knytt til langstidsfråvere. Me har lagt til rette etter beste evne for dei sjukemelde og 94,7 % er gradert sjukemelding. Sjukemeldingane er ikkje knytt til arbeidsmiljøet og det har heller ikkje vore skadar eller ulukker på arbeidsplassen.

Mangfald og berekraft

Kjønnsbalansen i leiinga og i styret er god. Styret vedtok i 2022 ein strategi for mangfald, inkludering og rekruttering i LNK, og denne blir følgt ved utlysingar av stillingar.

LNK driv ikkje med aktivitetar som fører med seg ureining av det ytre miljøet. Reiser og digitale tenester fører til klimautslepp. Framtida.no sine journalistar reiser kollektivt på oppdrag, og me prioriterer miljøvenlege reiser der det let seg gjera. Dersom me må bruka bil, så køyrer me elbil. Me satsar på gjenbruk av teknisk utstyr og jobbar med å minska vårt digitale fotavtrykk med å lagra bilete og videoar i minst mogleg format på internett.

Framtida.no leiger lokale i Glasmagasinet sentralt i Oslo. Kjøpesenteret vart Miljøfyrtårnsertifisert i 2023.

Om rekneskapen

I samsvar med § 3–3 i rekneskapslova er det med dette stadfesta at ein føresetnad om framleis drift er lagd til grunn ved utarbeiding av rekneskapen.

Oslo, 21.02.2025

Styret i Landssamanslutninga av nynorskkommunar

Sara Hamre Sekkingstad, styreleiar

Nils Johan Svalastog Garnes, nestleiar

Hallvor Lilleslett, styremedlem

Marie-Helene Hollevik Brandsdal, styremedlem

Øyvind Strømmen, styremedlem

Svein Olav B. Langåker, dagleg leiar

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

– Éin nynorskmillion er ikkje nok

– Det er avgjerande at Teater Vestland får auka tilskot i ei krevjande tid, men Støre-regjeringa har samla sett ikkje levert godt nok for...

Jublar over nynorskstøtte

Nynorsk bedriftsforum er tildelt 950 000 kroner frå spelemidlane for 2025. Midlane er fordelte av Kultur- og likestillingsdepartementet og skal gå til vidare utvikling...

Trond (39) er tilsett i LNK – skal styrka nynorsk i skulen i Rogaland

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har tilsett Trond Salte (39) for å få fart på prosjektet «Meir mål på Jæren». – Det er makelaust gildt! seier Trond...

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....