Heim Nyhende Auka opptak til høgare utdanning

Auka opptak til høgare utdanning

 

Aldri har så mange søkt opptak til høgare utdanning, og aldri har det vore sendt ut så mange tilbod om studieplass som i år. Søkarane fordeler seg godt på ulike studium, og lærestadane tek opp fleire studentar enn tidligare år.

Tal frå Samordna opptak viser at fleire søkarar får tilbod om studieplass. I alt har 74 500 fått tilbod om plass gjennom den nasjonale opptaksmodellen. Dette er omlag 3 200 fleire enn i fjor.

Av snautt 108 000 søkarar er 88 000 kvalifisert for opptak til minst eitt studium – ein auke på 3,6 prosent samanlikna med fjoråret.

– Eg er glad for at ungdommen vel dei utdanningane som trengs. Vi ser at helseutdanningane er populære og at nedgangen for real- og teknologifag ser ut til å vera snudd, seier statsråd Tora Aasland i ei pressemelding. 

Også i år er tendensen at mange ønskjer å studere i dei store byane, særleg i Oslo, Bergen og Trondheim. I nord er det Bodø og Tromsø som får flest søkarar.

Opptaket til lærarutdanningane er stabil, med ein liten auke i den 5-årige lærarutdanninga. Når det gjeld  grunnskulelærar- og førskulelærarutdanningane i sentrale strøk er opptaket stabilt godt, men det er framleis ledige studieplassar ved enkelte institusjonar i distrikta.

– Vi hadde håpa at endå fleire søkarar ville vore kvalifisert for opptak til grunnskulelærarutdanninga for trinn 1-7. Å vera lærar på desse trinna er ein av dei aller viktigaste jobbane i samfunnet vårt, seier statsråden.

Det er sendt ut vel 6 prosent fleire tilbod om studieplass til helse- og sosialfagutdanningane i år samanlikna med i fjor.  – Eg tolkar auken i søknaden til helse- og sosialfaga som eit uttrykk for at  mange gjerne vil vera med på å utvikle velferdssamfunnet, seier statsråden.

Også til realfaglege og teknologiske studium er det sendt ut fleire tilbod om studieplass i år enn tidlegare.

– Det er gledeleg at stadig fleire jenter vert tekne opp til desse studia, og eg merkar meg med interesse at nanoteknologistudiet ved NTNU ser ut til å vera populært blant dei yngste søkarane, seier statsråden.

Førebels står 13 900 kvalifiserte søkarar utan studieplass.  – Eg oppfordrar søkarar til å vera aktive på restetorget. Der finst det framleis mange spennande tilbod, avsluttar statsråden, og viser til at nær 3000 plassar no vert lyst ut på restetorget.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...