Heim Nyhende Austmannaprisen til Jens Haugan

Austmannaprisen til Jens Haugan

Den årlege Austmannaprisen frå Austmannalaget vart i år tildelt Jens Haugan. 

 

I høve årsmøtet i Austmannalaget i Vågå laurdag 10. mars fekk Jens Haugan tildelt Austmannaprisen 2018. Han er leiar i Hamar dialekt- og mållag og er til vanleg dosent i norsk ved Høgskolen i Innlandet.

Jens Haugan var med å skipe opp att og vart leiar i Hamar dialekt- og mållag i 2011. Etter det har han synt seg som ein svært arbeidssam, iderik og engasjert aktivist. I Språkåret 2013 var det berre Oslo som hadde fleire aktivitetar enn Hamar, og det var sjølvsagt på grunn av innsatsen frå Jens Haugan, kjem det fram i ei pressemelding frå Noregs Mållag.

Helen Johannessen, leiar i Austmannalaget, var svært stolt over å dele ut prisen til Jens Haugan. Austmannaprisen blir gitt frå Austmannalaget til personar eller institusjonar som i tale eller skrift har gjort framifrå arbeid for nynorsk mål og norsk kulturarv. 

Jens Haugan har også gitt ut barnebok på nynorsk «No kan du sove, vesle gut», skrive teaterstykke som er framført ved Vennersberg skole i Kongsvinger, og han arrangerer jamnlege nynorskseminar for lærarar på Høgskolen i Innlandet. I april er det klart for det femte seminaret i denne rekkja: Nynorsk i skolane og lærarutdanninga

Jens Haugan skriv songar som passar inn i den faglege undervisninga som «Setningsanalysesongen» og «Ivar Aasen var ein travel mann» og har skrive over 500 kronikkar/artiklar og lesarinnlegg. Jens Haugan er oppteken av språk, ikkje berre nynorsk, men det handlar om likeverd og toleranse og fyller i stor grad krava til Austmannaprisen.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...