Heim Nyhende – Berre Venstre vil ta språkpolitikken tilbake til Stortinget

– Berre Venstre vil ta språkpolitikken tilbake til Stortinget

I 2009 sende Stortinget frå seg språkpolitikken, men der var ingen mottakar, meiner Nynorsk kultursentrum. Berre Venstre har programfesta at Stortinget skal vedta ei ny språklov, og partiet vil ha det gjort i 2019.

 

– Dei fleste partia meiner mindre om vilkåra for dei to norske språka bokmål og nynorsk enn for urfolk og minoritetar. Nytt av året er at fleire parti bind saman språkpolitikk og sosialpolitikk, og berre eitt parti vil ta språkpolitikken tilbake til Stortinget.

Slik samanfattar direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum språkpolitikken i partiprogramma ved inngangen til valkampen.

Tysdag publiserte Nynorsk kultursentrum det omfattande skriftet «På parti med språket?» på aasentunet.no. Der står alt partia har programfesta om språkpolitikk sidan 1906, med kommentarar og analyse. Det er fjerde gongen Nynorsk kultursentrum dokumenterer språkpolitikken til alle dei viktigaste partia.

Språk i sosialpolitikk

I stortingsvalprogramma bruker partia mest plass på å forme ein språkpolitikk overfor urfolk, historiske minoritetar og nye innvandrarar. At språk er viktig for kulturell integrering og inkludering har fått fleire parti til å ta språkpolitikken inn i sosialpolitikken, heiter det i ei pressemelding.

Grepstad meiner denne endringa er tydelegast hos Arbeidarpartiet. I 2013 stilte partiet krav til arbeidsgivarar om betre språkopplæring for arbeidsinnvandrarar. I år vil Arbeidarpartiet at dette skal gjelde «særleg sårbare grupper som unge, mellombels tilsette og utanlandske arbeidarar». Også Miljøpartiet Dei Grøne, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti, SV og Venstre ser ulike samanhengar mellom språk og sosialpolitikk.

Lite om dei norske språka

– Det partia seier minst om, er dei to norske språka nynorsk og bokmål, og aller minst snakkar dei om bokmål, seier Grepstad. Presset frå engelsk råkar særleg bokmål, og det meinte mange parti noko om tidleg på 2000-talet. No nemner nokre saka mest i forbifarten, seier Grepstad.

Han forklarer det med at partia ikkje er oppdaterte på det språkfaglege området.

– Dei tek ikkje innover seg korleis moderne skriftkulturar verkar og koplar til dømes framleis pressestøtta berre til ytringsfridom og meiningsmangfald, ikkje til språkpolitikk, seier han.

Språkpolitikken tilbake til Stortinget

Berre Venstre har programfesta at Stortinget skal vedta ei ny språklov, og partiet vil ha det gjort i 2019

– Då kan Stortinget på ny ta hand om språkpolitikken, seier Ottar Grepstad.

I 2009 slutta eit breitt fleirtal i Stortinget seg til hovudlinjene i ei ambisiøs stortingsmelding om språkpolitikk frå regjeringa Stoltenberg.

– Etterpå sende Stortinget frå seg språkpolitikken, men der var ingen mottakar. Det kunne dei folkevalde aldri ha gjort om det gjaldt samferdsel, helse eller forsvar, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...
Vidaregåande skule

Føreslår å fastsetja hovudmål på vidaregåande skular

I forslaget til ny opplæringslov føreslår regjeringa fleire større og mindre endringar til språk på skulane. Departementet føreslår blant anna: å vidareføra at kommunen skal...

Frieriet i Todalen – kva skjer med Vangsgutane no?

Vi har intervjua tekstforfattar Kjartan Helleve om dei siste hendingane rundt teikneseriefigurane Vangsgutane, som kom fram i siste utgåva om dei ved juletider. Faste...