Heim Nyhende Deler ut språklege smilefjes

Deler ut språklege smilefjes

NMU har gitt språkpolitiske smilefjes i valkampen.

 

– Vi har sett opp ei liste over nokre av dei viktigaste nynorsksakene, og deretter gått gjennom partiprogramma for å sjekke kva dei ulike partia går til val på når det gjeld desse emna, forklarer nestleiar i NMU, Kristofer Olai Ravn Stavseng (21) til Framtida. 

– Vi har prøvd å gjere det ganske sjølvforståande. Jo blidare fjes, jo betre politikk for nynorsken – og omvendt, seier Stavseng.

Også her er norskfaget viktig. Stavseng meiner at spørsmålet om kva rolle nynorsk og bokmål skal ha norskfaget er så viktig at ein nesten burde hatt eit eige skjema på berre det. 

– Til dømes ville det vere feil å gje full utteljing i sidemålssaka for dei partia som prisverdig nok vil ha eigen sidemålskarakter, men som samstundes unngår å nemne tidleg start. Med fleire spørsmål om dette, får vi fram eit meir nyansert bilete, seier han til Framtida.

Dei fleste partia har ein del blanke felt i skjemaet. Stavseng presiserer at smilefjesa er delt ut utelukkande på bakgrunn av partiprogramma.

Sjå utdelinga av smilefjes her

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...
– Eg er mest glad å lesa i ambulanseboka mi, fortel Symre (5). Ved sida av ho sit frå venstre Trygve (5) og Jørgen (5).

Innspel til Lesekommisjonen frå Nynorskkommunane

Nynorskkkommunane – LNK har 104 medlemmar, mellom desse 85 kommunar, 3 fylkeskommunar, fleire regionråd og interkommunale selskap. For medlemmane våre er det viktig å...