Heim Nyhende Desse tre skreiv dei beste norskeksamenane

Desse tre skreiv dei beste norskeksamenane

Kathrine Tranøy, Sofie Fagervoll Heltne og Linn Antonie Vårdal Solheim er årets vinnarar av Oos’ legat.
Kvart år på denne tida av året, kårar ein fagjury dei tre beste eksamenssvara i norsk hovudmål skrive på nynorsk. Stipendet heiter Oos’ legat, og har hundreårsjubileum i år.

Kathrine Tranøy (Odda vgs), Sofie Fagervoll Heltne og Linn Antonie Vårdal Solheim (Volda vgs) er årets vinnarar. Det er snart eitt år sidan dei skreiv vinnartekstane, så alle tre hadde nesten gløymt heile konkurransen då dei oppdaga mailen om at dei hadde vunne. Dei vart både overraska og glade over beskjeden.

– Eg vart veldig glad og ringte foreldra mine, seier Sofie.

Kathrine sat på lesesalen djupt inne i utviklingspsykologi.

– Eg vart kjempeglad og klarte ikkje konsentrere meg etter det. Måtte reise heim og ete, ler ho.

Linn sat òg på lesesalen då ho las mailen.

– Eg vart glad og måtte berre gå heim. Eg screenshotta mailen, og sende til foreldra mine. Dei sende han vidare til besteforeldra mine, som og spreidde han vidare, seier ho.

Les også: Skreiv noregs beste norskeksamen i 2016

Alle valde forskjellige oppgåver

Eksamensoppgåva i norsk skriftleg bestod av ein del som alle måtte svare på, og ein valfri del der dei valde mellom forskjellige oppgåvetekstar. Det er den valfrie delen juryen har teke utgangspunkt i. Dei tre vinnarane valde forskjellige oppgåver under eksamen.

Sofie bestemte seg for oppgåve 1, der ho skulle tolke og samanlikne to dikt, «Tung tids tale» av Halldis Moren Vesaas og «Vuggevise» av Henrik Nordbrandt.

Linn skreiv oppgåve 2. Det var ein resonnerande tekst der ho på grunnlag av to saktekstar drøftar kva språket har å seie for identiteten. Tekstane var «Takk, kjære Ivar» av Thea Idsøe, og «For første gang i historien blir nyttårstalen ikke holdt på samisk».

Kathrine valde oppgåve 3, der ho analyserte teksten «Takk, kjære Ivar», og skulle bruke omgrep frå retorikken.

Les også: Eksamenstips frå dei beste

Psykologi, økonomi og folkehøgskole

No er norskeksamen frå i fjor vår langt bak i minnet, og sist haust tok dei alle fatt på nye oppgåver. Kathrine har byrja på ein bachelor i psykologi i Trondheim, og søker seg inn på profesjonstudiet til hausten.

– Psykologi er veldig spennande.Eg har lært mykje på kort tid, og lærer noko nytt om menneske heile tida.

Ho fortel at ho les personlegheitspsykologi og ser annleis på folk etterkvart som ho lærer.

– Eg går rundt og analyserer folk. Folk spør om eg kan lese dei, men det kan eg jo ikkje, ler ho.

Sofie går på Nordhordland folkehøgskole. Der går ho idrettslinje med fokus på reising.

– Det er veldig kjekt. Eg opplever veldig mykje og lærer mykje nytt.

Linn studerer økonomi og administrasjon i Bergen. Ho likar seg godt men har mykje jobb.

Les kortsvaroppgåvene til Linn, Sofie og Kathrine her!

Alltid vore glad i å skrive

– Har det å vinne denne prisen inspirert dykk til å jobbe meir med skriving og litteratur?

– Eg har alltid vore glad i å skrive. Spesielt på ungdomsskolen da vi kunne skrive kreative tekstar. På vidaregåande vart det veldig låst til retningslinjer. Da var det ikkje så kjekt lenger. Men eg har tenkt på det å skrive meir. Eg vurderte å studere lektor i norsk og nordisk, seier Kathrine.

Sofie Fagervoll Heltne.

Sofie har òg alltid vore glad i å lese og skrive. Men på vidaregåande vart det annleis.

– Det var veldig press på at når du skulle skrive ein stil, så måtte læraren like det. Så eg har gløymt litt at eg liker det. Men det var jo veldig kjekt å vinne prisen. Eg kunne tenkt meg å skrive meir for meg sjølv, men har ingen ambisjonar om å bli forfattar, seier ho.

Line jobbar i bokhandel i tillegg til studia.

– Så eg er veldig glad i bøker. Eg trur ikkje eg kunne skrive sjølv, men trur eg hadde kosa meg med å få andre til å skrive, til dømes med å jobbe i eit forlag, seier ho.

Les fleire gode eksamenssvar her

Fridthiov Oos’ legat

► Eit legat grunnlagt av Fridthiov Oos i 1918. Det blir styrt av styret for Ivar Aasens fond.

Alle som får karakteren seks på eksamensoppgåva si i nynorsk hovudmål på vidaregåande, kan få stilen sin sendt inn til juryen.

► Legatet går til dei tre beste hovudstilane på nynorsk til eksamen allmennfag i vidaregåande skule.
► Tidlegare vinnarar inkluderer mellom anna tidlegare kringkastingssjef Einar Førde, direktør i Nynorskkultursentrum Ottar Grepstad, nobelprisvinnar Edvard Moser, direktør i Språkrådet Åse Wetås og fleire forfattarar og politikarar. Sjå lista her!

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...