Heim Nyhende Elevane treng både «lærere» og «lærarar»

Elevane treng både «lærere» og «lærarar»

Kva skal til for at alle elevar skal få like god språkopplæring i skulen? Nøkkelen ligg hjå lærarane og i lærarutdanninga. Ei ny undersøking viser at nynorsken står svakt i lærarutdanningane.

Over 70 000 elevar i Noreg skal ha undervisning og oppfølging på nynorsk i alle fag, ikkje berre i norskfaget. Rapporten frå undersøkinga viser at mange lærarstudentar kan fullføre studia utan å bli vurderte i nynorsk.

– Eit viktig funn i rapporten er at studentar som ikkje tek utdanning innanfor norskfaget, svært sjeldan får vurdert nynorskkompetansen sin, seier Ida Marie Jegteberg, som leidde undersøkinga i ei pressemelding frå Språkrådet.

Jegteberg er stipendiat ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.

– Ifølgje emneplanane vi har undersøkt, må ikkje studentane som tek praktisk pedagogisk utdanning (PPU) og lektorutdanning i andre fag enn norsk, skrive på nynorsk på noko tidspunkt gjennom utdanninga si. Og desse studentane utgjer ein ganske stor del av lærarane i framtida.

Ulik testing av kompetansen

Dersom utdanningsinstitusjonane i det heile testar nynorskkompetansen til studentane, gjer dei det i hovudsak ved heimeeksamen, viser undersøkinga. Det er altså ein testsituasjon utan tilsyn. Bokmålskompetansen, derimot, blir testa ved skuleeksamen.

Språkdirektør Åse Wetås minner om det språkpolitiske ansvaret som Kunnskapsdepartementet sit med.

– Språklova gjev det offentlege eit særleg ansvar for å fremje nynorsk, som er det minst brukte av dei to norske skriftspråka. Opplæringssektoren står i ei særstilling i arbeidet med å sikre norsk som eit språk som kan nyttast på alle samfunnsområde.

Sjå debattar om språk i lærarutdanninga

27. november blir rapporten lansert på eit nettseminar med spennande fag på timeplanen og to munnlege gruppeoppgåver. Ikkje skulk – her kan du sjå deg på seminaret.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...