Heim Nyhende Festkveld for Det Norske Teatret

Festkveld for Det Norske Teatret

– Det er heftig å få Hedda-prisen. Den heng høgt, seier skodespelar Ane Dahl Torp (36). Det Norske Teatret stakk av med fire av ni prisar.

Ane Dahl Torp fekk prisen for beste kvinnelege hovudrolle for den strålande dobbeltrolla i «Det gode mennesket frå Sezuan» av Bertolt Brecht på Det Norske Teatret.

– Det ligg ei stor anerkjenning i denne prisen, seier Ane Dahl Torp.

Det var første gong ho var nominert til Heddaprisen, som blir delt ut kvart år for framifrå prestasjonar innan norsk scenekunst.

Mattis Herman Nyqvist fekk prisen for beste mannlege hovudrolle for innsats i «Misantropen» av Molière på Rogaland Teater. Den unge skodespelaren vart også nominert til prisen i 2010 for hovudrolla i «Sangen om den røde rubin» på Riksteatret.

Også regissør av «Misantropen», Sigrid Strøm Reibo, vart heidra med Hedda-pris søndag kveld.

Nynorsksuksess
Prisane vart delt ut på ei festframsyning i Det Norske Teatret i helga, og det vart ein stor kveld for nynorskteatret. På heimebane fekk dei også prisen for årets framsyning – «Abrahams barn». Einmannsframsyninga med Svein Tindberg har vore spelt for fulle hus på Det Norske Teatret, der ho har vore sett av cirka 35.000 personar. Til hausten får folk landet rundt høve til å oppleve framsyninga om dei store verdsreligionane når Tindberg reiser ut på turné med Riksteatret. Kjetil Bang-Hansen har regien for suksessframsyninga.

– Eg smiler frå øyra til øyra. Eg er lykkeleg som eit lite barn, seier Svein Tindberg.

Han er stadig overraska over at folk vil komme å høyre han snakke i to og ein halv time om dei store verdsreligionane.

– Det er jo inga sjølvfølgje. Å få prisen for ei slik framsyning er fantastisk, seier Tindberg til NTB.

Det er første gong den rutinerte skodespelaren får ein Hedda-pris.

Det Norske Teatret hanka også inn prisen for beste kvinnelege og mannlege birolle. Desse to prisane gjekk til Gjertrud Jynge og Torbjørn Eriksen for rollene i «Sorgen kler Elektra».

Fakta om Hedda-prisane 2012

Prisane vart delt ut på Det Norske Teatret søndag. Vinnarar:
– Beste kvinnelege hovudrolle: Ane Dahl Torp for rolla som Shen Te i «Det gode mennesket frå Sezuan», regi Philip Tiedemann, Det Norske Teatret
– Beste mannlege hovudrolle: Mattis Herman Nyquist for rolla som Alceste i «Misantropen», regi Sigrid Strøm Reibo, Rogaland Teater
– Beste kvinnelege birolle/medspelar: Gjertrud Jynge for rolla som Christine Mannon i «Sorga kler Elektra», regi Eirik Stubø, og for rolla som Maria Steuber i «Tida og rommet», regi Eirik Ulfsby, begge Det Norske Teatret
– Beste mannlege birolle/medspelar: Torbjørn Eriksen for rolla som Orin i «Sorga kler Elektra», regi Eirik Stubø, Det Norske Teatret
– Beste regi: Sigrid Strøm Reibo for regien av «Misantropen» av Jean-Baptiste Molière, Rogaland Teater, og for regien av «Black Rider», Hålogaland Teater
– Årets framsyning: «Abrahams Barn» , Det Norske Teatret.
– Beste barne- og ungdomsframsyning: «Veggen», Hordaland Teater
– Beste visuell design: Boya Bøckman for den visuelle designen til De utvalgtes «Kunsten å bli tam», Black Box Teater
– Særleg kunstnarisk innsats: Komilab-prosjektet ved Thorbjørn Harr, Mariann Hole og Jan Gunnar Røise
– Æresprisen: IdaLou Larsen. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...