Heim Nyhende Fleire bruker gratisprogram

Fleire bruker gratisprogram

Eit aukande tal mac- og pc-brukarar vel å bruke programvara OpenOffice.org, og stadig fleire lastar ned nynorskversjonen.

Ifølgje tal frå digi.no har den norske versjonen av OpenOffice.org blitt lasta ned 573 000 gonger i 2009. Det er 72 000 fleire nedlastingar enn året før, og omlag 273 000 fleire enn i 2007.

Så langt i år er den norske versjonen lasta ned 200 000 gonger.

Tala er likevel ikkje heilt eintydige, seier Martin Hauge i Stiftelsen Åpne Kontorprogram til digi.no. Tala inkluderer mellom anna nedlastingar av oppdateringspakkar. Samstundes veit ein at mange bruker den engelske versjonen av Openoffice.org.

Også nynorskversjonen av programvara blir lasta ned stadig meir. I fjor utgjorde nynorskversjonen 7,8 prosent av samal nedlastingar, medan talet så langt i år er på 9,7 prosent.

OpenOffice.org er ei gratis kontorprogramvare med fri kjeldekode. OpenOffice.org verker mellom anna på Linux, Windows og Mac OS.

Foto: Flickr

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...