Heim Nyhende Fokus på omdømmebygging

Fokus på omdømmebygging

Landssamanslutninga av Nynorskkomunar (LNK) set mellom anna fokus på omdømmebygging under landstinget på Alexandra Hotel i Loen denne veka.

– Me er svært glade for at kommunalministeren vil kome til oss og fortelje om storsatsinga som departementet legg opp til når det gjeld omdømmebygging i kommunane. Elles vil me gi mange døme på korleis kommunane faktisk arbeider med dette i kvardagen, seier dagleg leiar Vidar Høviskeland og legg til:

– Det er tre ulike tema på landstinget i år, men sjølv om dei kan sjå ulike ut, heng dei saman. Alt handlar om å skape vilje til å bu i ein kommune.

27. til 29. mai skal landstinget til LNK fokusere på omdømmebygging, arbeidsinnvandring og vern kontra vekst i lokalsamfunnet. Landstinget vert arrangert på Hotel Alexandra i Loen. LNK er ei samanslutning av kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak, som har som føremål å fremje nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd.

Eit sentralt tema under landstinget er arbeidsinnvandring. Det kan kanskje høyrast merkeleg ut, meiner Høviskeland, sidan arbeidsløysa no stig i privat sektor. Likevel trur han at rekruttering frå utlandet vil vere sentralt også i tida som kjem, kanskje særleg innafor omsorgsyrka. Han trekk mellom anna fram professor Stein Ringen som vil snakke om arbeidsmigrasjon i Europa.

– Fredagen skal me snakke om vern og vekst. Me vil freiste å synleggjere at både verneverdige naturområde og kulturminne er ein ressurs som kan brukast, og me ynskjer å stille spørsmål ved om ikkje eit langstrakt land som Norge bør ha eit meir differensiert lovverk på dette området, seier Høviskeland.

For meir informasjon, ta kontakt med dagleg leiar i LNK
Vidar Høviskeland
22 33 14 00
post@lnk.no

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Kan nokon snart skru av internett?

Internett har tatt kontroll over norske klasserom. Vi må endre den digitale skulekvardagen. Internett har kome for å bli. Det opnar verda og både spreier...

Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen

– Ungdomsskulereforma til Høgre er eit dårleg skjult åtak på nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Høgre vil fjerne karakteren i skriftleg...

Jorid Lekve Eide blir ny arenaleiar ved Haugesenteret

Jorid Lekve Eide er tilsett som ny arenaleiar ved Haugesenteret i Ulvik. Ho tek over etter Geir Netland som etter 10 år i stillinga...

Aina Basso er årets festivalforfattar på Falturiltu

Aina Basso har turnert landet rundt med spennande formidlingar og til hausten vil Falturiltu løfta fram heile forfattarskapen hennar under årets tema: FAKTISK og...