Heim Nyhende Forlag vil ikkje vere med på e-bokløysinga

Forlag vil ikkje vere med på e-bokløysinga

Mange forlag kjem ikkje til å vere med når bokbransjen 4. april lanserer den felles e-bokløysinga Bokskya.

Bak fellesløysinga står dei tre store forlaga Gyldendal, Aschehoug og Cappelen Damm, men alle forlag kan lansere e-bøker gjennom Bokskya. Ifølgje Aftenposten har ingen av dei mellomstore forlaga signert avtale med Den norske Bokdatabasen, som driv Bokskya.

Avisa har vore i kontakt med ti forlag, nokre seier at dei kanskje kan gå med på ei løysing seinare, særleg viss vilkåra blir betre. Andre seier det er uaktuelt å vere med i det heile teke.

– Det er uheldig at det ikkje blir ein felles avtale. Men me har fått presentert ein kontrakt me ikkje kan leve med. Kagge forlag kjem ikkje til å skrive under på dette, seier forlagssjef Anne Gaathaug til Aftenposten.

Ifølgje avisa vil Bokskya ha 10 prosent frå forlaget av kvar e-bok som blir selt.

– Sett saman med kva bokhandlarane kjem til å krevje, blir dette altfor dyrt, seier Gaathaug.

Administrerande direktør Edmund Austigard i Den norske Bokdatabasen seier at 19 forlag utanom eigarforlaga har skrive kontrakt. Han vil ikkje opplyse kva forlag det gjeld. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...