Heim Nyhende Forlaget lagar tre dagars Fosse-fest

Forlaget lagar tre dagars Fosse-fest

Jon Fosses forlag inviterer til folkefest i Oslo – medan hovudpersonen er i Sverige for å få Nobelprisen i litteratur.

Den gratis Fosse-festen finn stad på Litteraturhuset i Oslo 7. til 10. desember og blir arrangert saman med Det Norske Samlaget. Jon Fosses nobelforedrag blir strøymt direkte på storskjerm torsdag ettermiddag, etter ei personleg innleiing av Olaug Nilssen.

I tre dagar skal det vanke eit variert kunstnarisk program for både barn og vaksne. Fosse-fans som Oslo-biskop Kari Veiteberg og forfattarane Brit Bildøen, Vigdis Hjorth, Tore Renberg, Kathrine Nedrejord, Kjartan Fløgstad og Brynjulf Jung Tjønn deler perspektiva sine på forfattarskapen hans – medan Linda Eide og Sjur Hjeltnes skal ha «innføring i Fosse for dumskallar».

Skodespelarane Trine Wiggen og Vetle Bergan framfører Fosse-dramatikk, medan Sandra Kolstad, Tuva Syvertsen, Ingrid Olava og Gjertrud Jynge trør til musikalsk med tonesette Fosse-dikt.

Om årsaka til feiringa seier Håkon Kolmannskog, forlagssjef i Samlaget:

– Nobelprisen til Jon Fosse er rett og slett eit eventyr. For første gong på nesten hundre år har ein norsk forfattar fått den gjævaste litteraturprisen – for ei anerkjenning av Fosse, norsk litteratur og det nynorske språket.

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Nynorsk rettskriving

Færre elevar har nynorsk som hovudmål

No har ein av ni elevar nynorsk som opplæringsmålform. Leiar ved Nynorsksenteret er ikkje overraska, men ser det òg i samanheng. 11,4 prosent av norske...

Nynorskkommunane støttar økonomisk likestilling for Det Norske Teatret

Styret i Nynorskkommunane – LNK stiller seg bak Tett gapet – aksjonen for å auka tilskotet til Det Norske Teatret. Nynorskteateret i hovudstaden manglar 30...
Språkrådet og språkdirektør Åse Wetås meiner den nye læreplanen kan svekkje den samla norskkompetansen til elevane. Foto: Moment Studio/Språkrådet

Undersøking: Nynorsken står svakt i lærarutdanninga

I ei undersøking går det fram at mange lærarstudentar kan fullføre studiet utan å bli vurderte i nynorsk. Over 70.000 elevar her i landet...

BankID også på nynorsk

I 20 år har BankID vore tilgjengeleg på bokmål og engelsk. No er nynorsk eit alternativ for dei som ønskjer det. Nyheita om at BankID...