Heim Nyhende Frå motbakke til medvind i Lærdal

Frå motbakke til medvind i Lærdal

For to år sidan mista Lærdal 90 arbeidsplassar. Det siste halvåret har kommunen fått 52 nye.

 

– Dette snur ein negativ trend, seier ordførar Jan Geir Solheim til NRK. Han minner om at kommunen har hatt mykje å slita med den seinare tida. I tillegg til tapet av mange arbeidsplassar på kort tid og ein stram kommuneøkonomi, blei 40 hus totalskadde i storbrannen som herja bygda i januar.

Men no ser framtida lysare ut. Både innan offentleg og privat sektor dukkar det opp nye arbeidsplassar.

– Fleire av dei nye arbeidsplassane i privat sektor kjem i verksemder som sørvar ein marknad utover regionen og som gjerne er plasserte i Lærdal på grunn av den sentrale plasseringa, seier dagleg leiar Arve Tokvam i Lærdal Næringsutvikling til NRK.

Han får støtte av ordføraren.

– Stadig fleire får auga opp for kor sentralt Lærdal ligg i landet, og kor kort veg det er til dei største byane våre, seier ordføraren som gler seg over den nye optimismen.

Kommunen har no 30 ulike prosjekt i gang for å utvikla arbeids- og busituasjonen i Lærdal. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...