Heim Nyhende Fylkespolitikar vil flytte Molde til Oppland

Fylkespolitikar vil flytte Molde til Oppland

Fylkespolitikar Randi Asbjørnsen i Sunnmørslista Tverrpolitisk liste vil dele Møre og Romsdal i tre og la Sunnmøre gå saman med fylka i sør, Romsdal med Oppland og Nordmøre med Trøndelag.

Møre og Romsdal fylkeskommune har alt bestemt seg for å halde fram åleine, men Asbjørnsen vil gjere eit nytt forsøk på å få fylkespolitikarane til å tenkje over saka under fylkestingsmøtet i Geiranger 17. oktober, skriv Vikebladet Vestposten.

– Kven av innbyggjarane våre definerer seg som møre-og-romsdalingar? Så vidt eg veit, ingen. Vi definerer oss som nordmøringar, romsdalingar og sunnmøringar, skriv Asbjørnsen i ein interpellasjon til fylkestinget.

Asbjørnsen er òg open for at heile fylket alternativt slår seg saman med Sogn og Fjordane nord for Sognefjorden. Bakgrunnen for framlegget er at ho uansett ikkje trur Møre og Romsdal får oppfylt ønsket sitt om åleinegang.

– Eg kan vanskeleg sjå at Møre og Romsdal får halde fram som eige fylke eller region. I så fall, det å vere ein miniregion saman med gigantar gir ikkje store makta, og enda mindre makt blir det om fleire nordmørskommunar blir ein del av Trøndelag, skriv Asbjørnsen. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...