Heim Nyhende Fylkesvåpen-kandidat kåraI

Fylkesvåpen-kandidat kåraI

Eit grønt fjordlandskap er folkefavoritt på vegen mot fylkeskommunal samanslåing og nytt fylkesvåpen i vest.

 

Jorunn Andreassen (53) frå Jølster har teikna forslaget til fylkesvåpen folk likar best. I jakta på eit samlande Vestland-våpen, lyste fylkeskommunane Hordaland og Sogn og Fjordane ut ein konkurranse.

Av alle innsende bidraga, blei det trekt ut 18 forslag. I alt røysta 6.471 personar fram ein folkefavoritten frå desse, og Andreassen fekk 25 prosent av røystene.

– Det var eigentleg ein vill og galen idé. Eg tenkte først på både vikingar og historie og alt, men fann ikkje noko som appellerte. Så tenkte eg på korleis det vil det sjå ut når vi slår oss saman, fortel vinnaren i ei pressemelding frå begge fylkeskommunane.

Trass i at forslaget er folkefavoritt, er det langt fram til den endelege avgjerda. Neste veke skal ein fagkomite melda inn tre motiv, eit frå kvart av temaområda kultur, historie og natur. Fem designbyrå skal teikna eitt forslag kvar til kvart av motiva, og dessutan eit fritt forslag.

Desse tjue skal kokast ned til tre forslag, pluss folkefavoritten. Avgjerda fell i desember når fylkespolitikarane endeleg skal bestemma seg for det nye fylkesvåpenet. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...