Heim Nyhende Gaming-journalist får nynorskpris

Gaming-journalist får nynorskpris

Øystein Furevik frå Førde i Sunnfjord som jobbar i gamer.no er årets vinnar av Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar.

Frå juryen heiter det at Furevik sidan har 2002 skrive vel 1.900 meldingar og artiklar for nettstaden gamer.no, der tekstane både er grundige, lettlesne og fulle av humor. I grunngjevinga blir det først og fremst trekt fram standhaftig bruk av nynorsk i ei verd der det meste føregår på engelsk.

– I over 20 år har Furevik drive journalistisk nybrotsarbeid på eit område der det er lite norsk og minimalt med nynorsk. Det at Furevik er godt synleg i det viktigaste norskspråklege organet for ein stor og viktig kulturarena, er umåteleg verdifullt for nynorsken, skriv juryen.

Overraska

Sjølv vart han svært overraska over pristildelinga.

– Det var dagens sjokk, eg skjønte det ikkje heilt først. Dette er ei anerkjenning eg blir heilt rørt av. Eg er kjempestolt. Det er verkeleg stort for meg, seier Furevik.

Prisvinnaren seier han har fått mange reaksjonar for bruken av språket sitt. Særleg i starten fekk han mykje hets frå lesarane for å bruke nynorsk i tekstane sine.

Fått mykje tyn

– Lesarane var langt meir opptekne av at sakene var på nynorsk enn kva som stod i dei. Det gjekk så langt at ein av dei starta ei avstemming på eit nettforum. Heldigvis gjekk resultatet i min favør med god margin. Men det er klart eg har fått mykje tyn, både på nettforum og på e-post.

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar er på 75.000 kroner og eit kunstverk. Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk, og som er eit føredøme for andre. Tidlegare vinnarar er mellom anna Linda Eide, Arill Riise, Harald Thingnes og Ronny Brede Aase. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...