Festivalen Bygdalarm i Norheimsund i Hardanger inviterer til konkurranse om å gjendikte Leonard Cohen på nynorsk eller dialekt.

Kanskje «Som ein fugl på ei snor, som ein fyllik i eit midnattskor» kunne fungera som ein nynorsk start på klassikaren «Like A Bird On The Wire»? Eller blir det for bokstavtru og rett fram utan å fanga stemninga i songen? Dikt vidare og send inn tekstane dine til Bygdalarm innan 1. juli.

– Me utfordrar lek og lærd over heile landet til å kasta seg inn i den uhøgtidlege tevlinga om dei beste Leonard Cohen-gjendiktingane på dialekt eller nynorsk, skriv Bygdalarm på nettsidene sine.

Les også: Ti år gammalt stjerneskot skal spela på Tysnesfest

«Fenalår og deilegpop»

Tekstane må vera på dialekt eller nynorsk og bør ha verselengder og rytmar intakt slik at dei er songbare. Vinnartekstane skal nemleg framførast av husbandet TBA på Littlarm i Norheimsund under Bygdalarm 6. juli.

Vinnaren får forutan å høyra teksten sin framført live, både heider og ære og dagspass til Bygdalarm, lovar festivalen.

Bygdalarm har levert «fenalår og deilegpop» i Kvam sidan 2007. I år står mellom andre Eva Weel Skram, Boy Pablo, The Dogs, Moyka, Myra, Dubioza Kolektiv og Sondre Justad på plakaten.

Les også: Slampoet Ánná (24) kåra til årets unge samiske kunstnar