Heim Nyhende Gjentek nynorsk operasuksess

Gjentek nynorsk operasuksess

For andre gong set Den Norske Opera & Ballett opp ein nynorsk libretto for born av Rune Belsvik. – Det viser at nynorske passar over alt, meiner leiar i Noregs Mållag.

Over 2300 publikummarar fekk i fjor med seg den nynorske barneoperaen «Stormen – forteljinga om Miranda og Ferdinand » på Scene 2.

–Det vil seie at me selde 87 prosent av det totale talet seter, forklarar pressekontakt ved Den Norske Opera Hedda Høgåsen-Hallesby.

Oppsettinga fekk gode kritikar for si dristige formidling og Barnekoret vann ein internasjonal pris for det pedagogiske opplegget rundt førestillinga. Prisen vart delt ut av RESEO – The European Network for Opera and Dance Education.

LES OGSÅ: Belsvik debuterer i Operaen

Tøff prinsesse
Allereie før premieren på omskrivinga av det klassiske Shakespeare-stykket var Rune Belsvik i gang med sin neste libretto – «Snøkvit – ein barneopera».

Denne gongen er det brørne Grimm sitt klassiske eventyr som har fått ei overhaling av barnebokforfattar Belsvik. I «Snøkvit» anno 2015 prinsessa ei tøff jente som vinn sin prins gjennom å ikkje freista å vera nokon annan enn den ho er.

I kveld er 75 unge operastjerner klare for urpremiere på den andre nynorske operaen i operahuset i Oslo. Ei førestilling som skal gå på Scene 2 fram til 30. mai.

Musikken er tilpassa medlemmene i Barnekoret ved Den Norske Opera & Ballett i samarbeid med komposisjonsstudiet ved Norges musikkhøgskole.

På nettsidene skriv Operaen at førestillinga eignar seg best for born i alderen 3-12 år.

Sjå video frå Snøkvit-workshop her!

LES OGSÅ: Nynorsk storm i Operaen

– Nynorsken passar over alt
Noregs Mållag er overbegeistra over at ein igjen kan sjå nynorsk opera i hovudstaden, og meiner dette sender eit flott signal.

– Det viser at nynorsken passar over alt, både i populærkultur, barnekultur og høgkultur, seier leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø.

Ho merka seg at skildringa på nettsidene til Den Norske Opera var skriven på bokmål. Ho reknar med at dei ikkje har tenkt over målforma, noko som ofte er svaret Mållaget får når dei spør.

– Ein kan spørje seg om nynorsk passar på scena, men ikkje på Internett. Dei er ikkje underlagt noko regelverk, så dei gjer sjølvsagt som dei vil. Dette viser likevel kvifor Mållova er viktig i andre delar av samfunnet. For på stader der bokmål er majoritetsforma er det ofte slik at dei ikkje tenkjer på nynorsken. Når dei har teke seg bryet med å setje opp eit nynorsk stykke hadde det vore ein fin gest om skildringa på nettsidene òg var på nynorsk, meiner Aakre Tennø, som likevel er mest oppteken av at nynorsken får verdifull scenetid.

– Gjennom å setje opp to barneoperaar på nynorsk syner Den Norske Opera at dei er oppteken av mangfaldet i heile Noreg, rosa Mållagsleiaren.

LES OGSÅ:19-åring debuterer med ungdomsopera

Diskuterer språket
Til Framtida.no forklarar pressekontakten at grunnen til at dei skriv om «Snøkvit» på bokmål på nettsidene deira er fordi det  er målforma ved Den Norske Opera & Ballett, inkludert kodinga på nettsida.

– Men det er eit område me diskuterer, avslørar Høgåsen-Hallesby.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...