Heim Nyhende Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag.

– Det svært gledeleg at SV ser det skrikande behovet for læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar, seier styreleiar Sara Hamre Sekkingstad i Nynorskkommunane – LNK etter at SV la fram det alterative statsbudsjettet sitt torsdag 7. november.

Det er ni år sidan sist det vart løyvd midlar over statsbudsjettet til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar.

– På dette feltet har nynorsk vore nedprioritert for lenge, og det er på høg tid å gjera noko med det. Me har ein offisiell norsk språkpolitikk og ei språklov som seier at det offentlege har eit særskilt ansvar for å fremja nynorsk på alle samfunnsområde. No ønskjer me lukke til i forhandlingane med regjeringspartia Senterpartiet og Arbeidarpartiet, og forventar at fleirtalet på Stortinget rettar opp i dette, seier Sara Hamre Sekkingstad.

– Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak, seier dagleg leiar i Nynorskkommunane – LNK, Svein Olav B. Langåker.

Barn og foreldre lærer forskjellige skriftspråk

I mange kommunar er det slik at vaksne innvandrarar lærer bokmål i vaksenopplæringa, medan borna deira lærer nynorsk på skulen.

– Det er opplagt at det ikkje bidreg til god språkopplæring at dei lærer ulike språk og ikkje kan dra nytte av kvarandre i innlæringa. Språk og integrering heng tett saman. Det er ein stor fordel å læra språket som blir brukt der du bur, og mange stader er det å læra nynorsk i vaksenopplæringa også ein enklare inngang til det lokale talemålet, Svein Olav B. Langåker.

Forsking viser at innvandrarar som brukar det lokale språket vert meir positivt mottekne både i lokalmiljøet og til dømes i jobbintervju.

Trong for nynorskløft

Nynorskkommunane er glade for at SV òg går inn for éin million i auka støtte til Noregs Mållag, og tre millionar til Teater Vestland og 2,5 millionar til Jakob Sande – senter for forteljekunst i Dale i Sunnfjord.

– Om me skal nå dei språkpolitiske måla Stortinget har vedteke, trengst det likevel eit endå større løft i løyvingane til effektive nynorsktiltak. Ei samla nynorskrørsle i Nynorsk forum har spelt inn fleire tiltak som er nødvendige for å nå dei måla Stortinget har vedteke for språkpolitikken vår, seier Sara Hamre Sekkingstad.
Blant anna er det eit stort behov for eit løft for nynorske barnebøker og eit krafttak for nynorsken i dei områda der han er under ekstra press.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...