Heim Nyhende Godt å møtast til festspel igjen

Godt å møtast til festspel igjen

Festspelpublikummet i Ørsta og Volda fekk høyre og sjå programpostar med både Hallstein Bronskimlet, bibelspråk, konspirasjonsteoriar, frisk popmusikk og eksperimentell tango.

Trass færre arrangement har festivalen halde på breidda i innhald og uttrykk.

– Det har vore spennande å planleggje festival medan det framleis er pandemi, men vi er godt nøgde med gjennomføringa, seier arenaleiar Olav Øyehaug Opsvik om Festspela 2021, som gjekk av stabelen 10.–13. juni.

– Det førebelse publikumstalet er 1880, og innanfor dei gjeldande rammene er vi godt nøgde med dei tala. Der var få ledige sete på dei fleste arrangementa, seier Opsvik i ei pressemelding.

Diktvandring: Festspeldiktar Sigmund Løvåsen og diktar Anna Kleiva tok med seg publikum på diktvandring i Romedalen. Foto: Nynorsk kultursentrum

Festspeldiktar Sigmund Løvåsen har formidla ei stor breidde av sin eigen forfattarskap gjennom sceneframføringar, samtalar og lesingar – mellom anna ei spenstig økt i friskt vêr i Romedalen.

– Det har vore ei stor ære og ein fest å vere festspeldiktar, og eg vil takke alle frivillige, tilsette ved Aasentunet, dei som kokte kaffi, dei som spritvaska stolar, eit interessert, lyttande og lesande publikum, dei som køyrde oss hit og dit, og dei som gav oss lyd og mat. Takk! Proft gjennomført, godt program. Gode minne for livet, seier festspeldiktar Løvåsen.

På Studenthuset Rokken skapte Sunnmøre Baarelag og Synne Vo vill jubel, og på Ørsta kulturhus blei det sterke opplevingar med mellom anna teater og tingingsverk av festspeldiktaren.

– På grunn av restriksjonane har vi hatt endå meir samarbeid med desse scenene enn tidlegare år, og vi set stor pris på det vi har fått til saman, seier Opsvik.

Mange gjester trekte fram at det var godt å endeleg få møtast igjen og få påfyll gjennom spennande litterære og musikalske opplevingar, danseframsyningar, kunstutstilling og kveldar som blei runda av på Målbar ved «festivalhotellet» Møre folkehøgskule.

På avslutningsdagen kunne publikum mellom anna lære meir om bibelomsetjing i høve hundreårsjubileet til den første nynorskbibelen. Under Ivar Aasen-stemnet inviterte arenaleiar Opsvik tilbake til ny festival 9.–12. juni 2022, og Festspela kjem snart med meir informasjon om neste års festspeldiktar.

Med berre nevane: Festspeldiktar Sigmund Løvåsen og forfattar Siri Helle i samtale med Anders Totland om kroppsarbeid og jordbruk, med utgangspunkt i både dikting og sakprosa. Foto: Nynorsk kultursentrum

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...