Heim Nyhende – Greitt med bokmål i riksmedia

– Greitt med bokmål i riksmedia

Den nye programleiaren i Lydverket på NRK, Asbjørn Slettemark (34), klarer seg fint med bokmål. Men dialekten vil han gjerne halde på.

– Kva forhold har du til nynorsk?
– Eg snakkar jo strengt tatt nynorsk og blir glad når eg høyrer Finn Tokvam på radioen eller les bøker av Ragnar Hovland. Utover det engasjerer eg meg særdeles lite i målkampen, eg klarar meg finfint med bokmål.

– Burde ein gjere noko for å stimulere til meir nynorsk, eller dialekt, i norsk musikk?
– Det bør artistar få velja sjølve, å ”stimulera” til tendensar eller trendar høyres ut som eit mislykka forsøk på noko som må koma av seg sjølv.

­­– Blir det viktig for deg å bruke dialekten din i jobben som programleiar i Lydverket?
– Eg tenkjer nok ikkje så mykje over det, men prøver jo å halde på sunnhordlandsdialekten min.

– Skriv du nynorsk sjølv privat?
– Nei, aldri. Bokmål har vore mitt skriftspråk sidan tidleg på 90-talet. Eg skreiv nokre artiklar på nynorsk i Gula Tidend og Bladet Sunnhordland på 90-talet, elles har eg brukt bokmål.

­– Du skreiv ikkje nynorsk i jobben som redaktør i tidskriftet Faro Journalen?
– Nei, det fall seg aldri naturleg. Eg har nok alltid meint at det har vore greitt å skrive bokmål i riksmedia, utan at det er ei kampsak for meg.

–Kva trur du om framtida til nynorsken?
– Nynorsken kjem nok til å vere eit vitalt språk for litteratur, men det kjem nok ikkje til å bli noko større eller meir innflytelsesrikt enn det er per dags dato.

– Korleis blir det å ta over jobben som programleiar i Lydverket?
– Det er litt skummelt, men også spanande. Min forgjengar, Ingerid Stenvold, var ein proff og dyktig programleiar, men eg håpar at det skal gå seg til i løpet av dei første programma.

– Kven drøymer du om å intervjue?
– Tja, eg har aldri vore spesielt slått i bakken av store stjerner, men det er klart at ein produsent som Dr. Dre eller ein artist som Eminem står høgt på lista. Ein time med Bruce Springsteen hadde heller ikkje vore å forakta.  

– Kva program skal Lydverket bli i framtida?
– Det blir nokre endringar, men den viktigaste for dei som ser på, er nok at det blir filma med publikum i salen og artistar på scenen. Lydverket skal også bli meir nyhendeorientert.

– Kvifor trur du så mange reagerte på dei sterke meiningane du hadde som IDOL – dommar?
– Hehe, eg seier som Jack Nicholson i filmen A Few Good Men: ”You can´t handle the truth!”.

FAKTA:
Asbjørn Slettemark (34)
Bur: Er frå Husnes i Kvinnherad, men bur i Oslo.
Aktuell: Byrja 10. august som ny programleiar i musikkprogrammet Lydverket på NRK. Første sending er 30. september. Tidlegare kjend som redaktør i musikkmagasinet Faro Journalen og som dommar i tv-programmet IDOL.
Språk: Bokmål. Prøver å halde på dialekten.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...