Heim Nyhende Gunnhild Øyehaug får nynorskstipend frå Vestland fylkeskommune

Gunnhild Øyehaug får nynorskstipend frå Vestland fylkeskommune

Stipendet på 150 000 kr blir delt ut for første gong i år.

Gunnhild Øyehaug er ein av dei fremste skjønnlitterære forfattarane i landet. Ho er fødd i Ørsta og busett i Bergen. Ho har sidan 1998 gitt ut ei rekke novellesamlingar, romanar og essaysamlingar. Ho har også skrive skodespel og gjendikta til nynorsk frå svensk, fransk og engelsk.

– Breidda i virket til Øyehaug gjer ho til ein viktig bidragsytar når det gjeld å formidle nynorsk på mange område og i ulike sjangrar. Ho har ein særeigen originalitet og utvidar handlingsrommet til nynorsken. Ein verdig vinnar av det første nynorskstipendet vi deler ut. Gratulerer!, seier fylkesordførar Jon Askeland i ei pressemelding frå Vestland fylkeskommune.

Det vart annonsert kven som får stipendet under møtet i fylkestinget 10. desember.

Utfordrar sjangrane

– Eg er overvelda av glede! Det er både viktig og rørande at Vestland fylkeskommune i det heile oppretta nynorskstipendet for å heidre Jon Fosse, og slik viser kor sterkt nynorsk står i Vestland. Det syner vilje til å støtte og løfte fram kunstnarar som nyttar nynorsk. At det vart meg som fekk det denne gongen, kan eg berre juble over og takke for. Det er ei stor ære. Tusen hjarteleg takk, seier Gunnhild Øyehaug

Bakgrunnen for nynorsksstipendet til Vestland fylkeskommune var tildelinga av Nobels litteraturpris for 2023 til Jon Fosse. Som heimfylke til Fosse vil Vestland heidre forfattaren og gjer det i form av dette stipendet.

Leikent og energisk språk

Gunnhild Øyehaug har også vore tidsskriftredaktør, litteraturmeldar, forlagskonsulent og er i dag skrivelærar ved Skrivekunstakademiet i Bergen.

Ho er kjend for eit leikent og energisk språk, som utfordrar både sjangrane ho skriv i og sjølve grensene for forteljinga. I tillegg til dikt, noveller, essay og romanar, har ho også skrive manus til filmen «Kvinner i for store herreskjorter» og omsett «Kristin Lavransdatter» av Sigrid Undset til nynorsk.

Det er eit kriterium at nynorskstipendet skulle gå til ein kunstar som nyttar nynorsk i arbeidet sitt som forfattar, dramatikar eller formidlar. Stipendet skal vere med og syne fram nynorsk som språk og kulturberar.

Det kom inn 59 nominasjonar innan fristen 15. september. Stipendet blir lyst ut på nytt i 2026.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...