Heim Nyhende Håpar på eit løft for litteraturen

Håpar på eit løft for litteraturen

– Me må gi folk positive opplevingar av å lese, seier dagleg leiar i foreninga !Les, Ketil Kolstad, om  Leseåret 2010.

– Me treng eit leseår fordi ei lesande befolkning ikkje er ei sjølvfølgje. Noreg er eit land av lesarar der 93 % av befolkninga las minst ei bok det siste året, og der norske foreldre er i europatoppen når det kjem til høgtlesing for barn. Dette er gledelege fakta, og eit resultat av langsiktig satsing på å gjere litteratur tilgjengeleg, meiner Kolstad.

Han meiner no Leseåret 2010 bør ha som målsetjing å få enno fleire til å lese meir, noko som forhåpentlegvis vil bidra til å minske skilnadene mellom sosiale lag, kulturar og kjønn, slår han fast.

– Leseåret er i så måte eit demokratiserande prosjekt. Skal vi lukkast, er det aller viktigaste å gi folk positive opplevingar av det å lese og av litteraturen.

– Kva forventingar har du til Leseåret 2010?

– Me veit enno ikkje noko om kva Leseåret 2010 vil bringe av konkrete tiltak. Det er løyva 6 millionar over statsbudsjettet, noko som kan hende ikkje er nok til å møte forventningane til aktørane på lesefeltet. Men eg håper at leseåret vert eit skikkeleg løft for lesinga og litteraturen sine kår. Det må vere lov å håpe at ein nyttar høvet til å samordne fleire av dei eksisterande lesetiltaka, slik at vi får enno meir ut av dei. Heile befolkninga skal ved eitt eller anna høve støyte på Lesåret, anten det er i institusjonar som skule, bibliotek eller sjukeheim, eller i det offentlege rom. Eg forventar at mange får ei positiv oppleving av det å lese, og håper at dette vert særdeles smittsamt, seier han.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...